Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering av emnet medieforteljingar om "dei andre"

Medieforteljingar kan både forme, spegle og endre det biletet vi har av utlendingar, urfolk og nasjonale minoritetar. Medieforteljingar kan skape respekt og forståing for "dei andre", men også stereotypiar og fordommar. Kva kan du om dette emnet?
Fredag ligg på kne og bøyer seg for Robinson Crusoe, som står med gevær i handa og sverd i slira. To drepne personar ligger i bakgrunnen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva har du lært om medieforteljingar om "dei andre"?

Gå gjennom desse punkta og få oversikt:

  • Eg veit kva ein diskurs er, og kjenner til Michel Foucaults diskursteoriar

  • Eg forstår korleis medieforteljingar speglar og formar biletet vi har av røyndommen og "dei andre"

  • Eg kjenner til forsking knytt til norske nyheitsforteljingar om andre land og kulturar

  • Eg veit kva ei nyheitsramme er, og kan identifisere vanlege nyheitsrammer som blir brukte ved omtale av menneske med utanlandsk opphav

  • Eg kan avsløre stereotypiar og fordommar i ulike typar medieforteljingar, også ut frå eit postkolonialistisk perspektiv

  • Eg kan drøfte korleis medieforteljingar kan fremje forståing og respekt for urfolk og menneske frå andre land

Sjekk om du kan fagomgrepa

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022

Læringsressursar

Medieforteljingar om "dei andre"