Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Verda sett med norske briller

I ei undersøking frå 2008 påviste Elisabeth Eide og Anne Hege Simonsen at norske journalistar sine forteljingar om verda i perioden frå 1902 til 2002 i stor grad var ei spegling av nordmenn sitt sjølvbilete. I denne oppgåva skal de utforske om det framleis er slik.
Ein mann med VR-briller ser pikslar kome svevande og setje seg saman til ein skikkelse. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utforskingsoppdrag

Jobb saman i grupper. Peik ut ein gruppeleiar og ein referent.

I denne oppgåva skal de utforske og analysere ti norske nyheitsforteljingar om ei stor og alvorleg hending i utlandet. De vel sjølv kva for hending.

De skal undersøkje

  • forteljarposisjonane i nyheitsforteljingane

  • korleis sakene er vinkla

  • kva slags sakene er sette inn i

  • om sakene er ein del av ein som går føre seg i norsk offentlegheit

  • i kva grad forteljingane viser respekt og forståing for menneske i andre samfunn og kulturar

  • i kva grad forteljingane avslører fordommar mot menneske i andre samfunn og kulturar

  • i kva grad framstillinga til journalisten er ei spegling av nordmenn sitt sjølvbilete

Skriv ein grupperapport

Ta utgangspunkt i referatet frå gruppearbeidet. Samskriv ein rapport der de gjer greie for det de har funne ut, og analyserer funna i lys av mediefaglege teoriar.

Bruk til dømes Google Docs eller Word Online som samskrivingsverktøy.

Relatert innhald

Analysar av medieforteljingar kan avsløre djuptliggjande strukturar i måten nordmenn flest oppfattar røyndommen på, og fordommar vi har mot «dei andre».

Ei historie kan forteljast på ulike måtar: i første eller tredje person, med eller utan innblikk i kva personane tenker, med eller utan synleg forteljar.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2022

Læringsressursar

Medieforteljingar om "dei andre"