Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriftleg oppgåve: Medieforteljingar som skaper respekt og forståing

Avslør stereotypiar og fordommar og reflekter over korleis medieforteljingar kan skape respekt og forståing mellom folk og kulturar.
Person som skriv på eit nettbrett. Store og små bokstavar svever i framgrunnen, i bakgrunnen er det eit verdskart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med oppgåva er at du skal

  • vise at du kjenner til og kan nytte sentrale omgrep og teoriar

  • øve deg på å vurdere faktabaserte og fiksjonsbaserte medieforteljingar i eit kritisk perspektiv, og avsløre stereotypiar og fordommar

  • forstå kvifor det er viktig at medieforteljingar skaper respekt og forståing mellom folk og kulturar

  • trene på å skrive meldingar og essay

Oppgåve 1) Omgrepsoppgåve

Definer og gi døme på desse omgrepa

  • stereotypi

  • fordom

  • toleranse

  • postkolonialisme

  • diskurs

Oppgåve 2) Skriv ei melding

Skriv ei kort melding av ei medieforteljing som du meiner bidreg til fordommar mot menneske frå andre land og verdsdelar. Meldinga skal vere på maks 300 ord og kunne publiserast i skuleavisa eller på Aftenposten si ungdomsside Si ;D.

Oppgåve 3) Skriv eit essay

Skriv eit personleg essay om medieforteljingar som skaper forståing og respekt for menneske som tilhøyrer framande kulturar og religionar.

Essayet er ein sjanger der du har lov til å hente erfaringar frå eigne lesar-, lyttar- og sjåaropplevingar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2022

Læringsressursar

Medieforteljingar om "dei andre"