Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppgåver til kortfilmen Inn i vårt mørke hus

Filmen Inn i vårt mørke hus tek opp eit aktuelt og brennbart tema, tvangsekteskap. Samanlikn kortfilmen med ei scene i humorserien Uti vår hage. Skaper slike medieforteljingar respekt og forståing for folk og kulturar, eller bidreg dei til å forsterke stereotypiar og fordommar?

Kortfilmen Inn i vårt mørke hus frå 2013 er regissert av den norsk-kurdiske filmregissøren og skodespelaren Irasj Asanti, som er kjend for rollene sine i mellom anna TV-seriane Brødre og Nobel.

Oppgåve 1) Karakterar og dramaturgi

  1. Beskriv Sara. Her er nokre forslag til ting du kan sjå etter: Kva for nokre ytre og indre eigenskapar har ho? Korleis stiller ho seg til kravet frå foreldra om å halde seg borte frå Erik? Korleis utviklar ho seg? Vil du seie at ho er ein statisk eller dynamisk karakter?
  2. Beskriv broren. Kva eigenskapar har han? Korleis stiller han seg til forventningane foreldra har til Sara? Korleis utviklar han seg?
  3. Korleis reagerer faren på at Sara har vore på fest saman med Erik? Og korleis reagerer mora?
  4. Bror til Sara står utanfor kjøkkenet og overhøyrer ein diskusjon mellom mora og faren om framtida til Sara. Korleis tolkar du broren sin reaksjon på samtalen?
  5. Er det eit vendepunkt i filmen? Og korleis tolkar du slutten?
  6. Korleis er det synleg at Sara og broren lever eit liv der to ulike kulturar møtest? Svar med å trekkje fram konkrete ting i filmen.

  7. Tittelen på filmen, Inn i vårt mørke hus, kan forståast som ein allusjon til Lucia-songen. Tolk tittelen.

Oppgåve 2) Kulturkonfliktar og rollekonfliktar

  1. Forklar omgrepa kultur, identitet og sosial rolle.

  2. På kva måte opplever Sara ein konflikt mellom to kulturar?

  3. Opplever Sara ein rollekonflikt, eller skildrar filmen ein konflikt mellom identiteten hennar og dei sosiale rollene ho har?

  4. Diskuter i klassen: Kvar går grensene mellom frivillig ekteskap, arrangert ekteskap og tvangsekteskap?

Oppgåve 3) Samanlikn to forteljingar om tvangsekteskap

  1. Uti vår hage, eit norsk humorprogram, har laga ein parodisk variant av ei forteljing om tvangsekteskap. Samanlikn medieforteljinga Uti vår hage med Inn i vårt mørke hus. Kva moment frå kortfilmen kjenner du igjen i humorutgåva?

  2. Filmen til Irasj Asanti er fortald frå eit "innanfrå"-perspektiv. Uti vår hage fortel ei liknande historie frå eit "utanfrå"-perspektiv. Skaper slike forteljingar respekt og forståing for folk og kulturar, eller bidreg dei til å forsterke stereotypiar og fordommar?

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Medieforteljingar om "dei andre"