Introduksjon
CC BY-SA 4.0
Norske nyheitsforteljingar handlar ofte om "oss" og "dei". Utforsk sjølvbilete og røyndomsforståingar, og reflekter over korleis medieforteljingar kan bidra til respekt og forståing for "dei andre".
Når du har jobba med denne læringstien, skal du
- kjenne til viktige fagomgrep og teoriar og kunne bruke desse i analyse og drøfting
- kjenne til forsking om framstilling av framandkulturelle i norske nyheitsforteljingar
- vite kva postkolonialisme er, og kunne avsløre korleis førestillingar frå kolonitida framleis kjem til uttrykk i ulike medieforteljingar
- ha fått ei djupare forståing av korleis diskursar og nyheitsrammer speglar ein måte å forstå verkelegheita på og skaper og held oppe stereotypiar og fordommar
- kunne reflektere over og drøfte korleis medieforteljingar skaper respekt og forståing for andre