Norsk i Afghanistan
I norske medieforteljingar om hendingar i utlandet får nordmenn ofte ei sentral rolle. Kvifor er det slik, trur du?
Her er to døme på medieforteljingar om nordmenn i Afghanistan. Kva avslører desse forteljingane om biletet vi nordmenn har av oss sjølve og av afghanarar?
Artikkel, I tjeneste for Norge: 91 dager i Afghanistan
Podkast, NRK: Terje fløy fra Kabul med ukjent barn i armene
Søk etter kritiske nyheitsforteljingar om nordmenn i Afghanistan. Finst det ei anna historieforteljing? Kva slags bilete av nordmenn pregar desse nyheitsforteljingane?
I kortfilmen Å vende tilbake møter vi to gutar som ventar på at faren skal kome heim frå Afghanistan. Faren har delteke i dei norske styrkane. Oppdraget i Afghanistan er over, og han skal no vere heime for godt. Men kort tid etter at faren har kome tilbake, dreg han ut i skogen på jakt. Då han ikkje kjem heim neste dag, byrjar dei to brørne å ane uro.
Sjå klippet
Kortfilmen Å vende tilbake handlar om korleis soldatar og familiane deira blir ramma av krig, og korleis menn evnar å handtere mentale lidingar.
Diskuter
Korleis står denne forteljinga i kontrast til norske mediums nyheitsforteljingar om norske soldatar i Afghanistan?
Dersom du ønskjer det, kan du sjå heile filmen her:
Relatert innhald
Spelefilmen Å vende tilbake handlar om korleis deltakinga i krigen i Afghanistan har påverka den psykiske helsa til ein norsk offiser.