Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Vi" og "dei andre" i filmen Die Welle

Kva fortel filmen Die Welle om korleis førestillingar om "dei andre" blir skapte, og kva konsekvensar det kan få å stigmatisere individ og befolkningsgrupper som er ulike oss sjølve?

Om filmen Die Welle

Die Welle (2008) er ein tysk spelefilm regissert av Dennis Gansel. Filmen er ein moderne versjon av Alex Grasshoffs film The Wave frå 1981. Begge filmane er baserte på historielærar Ron Jones' omstridde sosiale eksperiment "The Third Wave", som fann stad i ein historieklasse i California i 1967.

Oppgåve 1) Sjå filmklippet (3 min) og snakk med ein klassekompis

Rainer Wenger er lærar på ein vanleg tysk vidaregåande skule og er klar for å ha temaveke i historie. Han må litt motvillig undervise i temaet autokrati. er ei styreform der ein sterk leiar eller ei lita gruppe har uavgrensa makt.

  1. Korleis er miljøet i klassen som Wenger skal undervise?

  2. Er det noko de kjenner igjen frå eige klassemiljø?

Oppgåve 2) Sjå filmklippet (3 min) og snakk med ein klassekompis

Wenger startar eit eksperiment i klassen som speler medvite på motsetningar mellom "vi" og "dei andre".

  1. Kva knep bruker Wenger for å skape disiplin og fellesskapskjensle i klassen?

  2. Er det noko som skurrar her? Kva frampeik får vi?

Oppgåve 3) Diskuter i klassen

Sjå heile filmen Die Welle saman med resten av klassen.

  • Korleis ville de ha reagert dersom læraren gjennomførte eit slikt eksperiment i klassen dykkar?

  • Ville de ha late dykk trekkje inn i ei slik rørsle, eller ville de vågd å stå åleine?

  • I kva grad kan medieforteljingar som denne motverke stigmatisering av "dei andre"?

  • Er denne filmen aktuell i vår tid?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2022

Læringsressursar

Medieforteljingar om "dei andre"