Manislam
Manislam – om menn og maskulinitet i islam er den siste dokumentarfilmen i ein trilogi frå regissør Nefise Özkal Lorentzen, der alle filmane viser ulike aspekt av islam og kjønn.
I denne filmen snakkar regissør Nefise Özkal Lorentzen med menn om likestilling i islam. Ho besøker ei rekke ulike muslimske menn i Tyrkia, Indonesia, Kuwait og Bangladesh.
Ein av dei lagar teikneseriar som fremjar mangfald, ein demonstrerer for likestilling i miniskjørt, ein brukar brettspel for å utfordre unge menn i likestillingsspørsmål, mens ein annan meiner det er skulda til både mannen og kvinna at kvinner blir valdtekne.
Kva perspektiv på kultur, likestilling og forholdet mellom kvinner og menn kjem fram i møta mellom regissøren og mennene? Korleis blir perspektiva til mennene grunngitte? Korleis kommenterer regissøren møta med desse mennene?
Bruk gjerne punkta under når du arbeider med dokumentaren.
menneske du møter i filmen
situasjon
perspektiv og synspunkt
grunngivingar
kommentarane til regissøren
Vel to av deltakarane, og samanlikn perspektiva og synspunkta deira. Si òg noko om korleis kommunikasjonen deira blir påverka av sosiale faktorar og kulturelle verdiar. Bruk relevante teoriar om kommunikasjon og kultur.
Kva trur du regissøren ønskjer å oppnå med denne dokumentaren?
Er det noko som gjorde spesielt inntrykk på deg i dokumentaren? Forklar og gi døme.