Hopp til innhald

Fagstoff

Postkolonialisme

Kva perspektiv består postkolonialismen av, og korleis kan dei brukast i møte med tekstar og andre kulturuttrykk?
Gammalt kart over Atlanterhavet med pilar som viser kva som vart frakta mellom koloniar og koloniland. Mellom anna slavar frå Afrika til koloniane i Nord-Amerika, sukker og kaffi frå Karibia til England, kveite, skinn, tømmer frå Nord-Amerika til England.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva var tanken bak fornorskingspolitikken til den norske staten overfor samane? Kva slags menneskesyn låg bak når europearar tok menneske frå heimlanda sine og selde dei som slavar på andre kontinent? Har du tenkt over kva slags tankegang som ligg bak når ein stat føler at dei rettmessig kan ta over landområde som høyrer til ein annan stat?

Omgrepet postkolonialisme blir brukt om perspektiv på kultur og litteratur som ser kritisk på korleis maktforholdet mellom dei gamle kolonimaktene i Europa og dei tidlegare koloniane kjem til uttrykk i tekst og kultur. Det handlar om å setje spørsmålsteikn ved og utfordre førestillingar om korleis vi ser verda, førestillingar vi tek for gitt. Postkolonialistisk teori blir òg brukt som nemning på dette perspektivet.

Idéar og nyansar i postkolonialismen

Postkolonialistisk teori er ikkje ein enkelt teori, men består av mange teoretiske diskusjonar som har utvikla seg gjennom kritikk og debatt. Det er viktig å ha auge for nyansane hos dei som blir omtalte som "dei koloniserte". Det er store forskjellar mellom koloniseringa av Amerika, Afrika og asiatiske land. Eit urfolks-perspektiv er òg viktig å få med: Er kolonitida over for dei som no deler landet med dei som koloniserte dei?

For å forstå det postkolonialistiske perspektivet er det lurt å bli kjend med dei ulike idéane til teoretikarar som har bidrege til å utvikle dette perspektivet.

Michel Foucault

Filosofen Michel Focaults teoriar om diskursar har hatt mykje å seie for postkolonialismen. Diskursar er mønster i måten vi omtaler og forstår verda på. Desse mønstera låser oss fast i bestemde perspektiv som vi er tilbøyelege til å gjenta, og dermed bidreg vi til å forsterke dei.

I dette perspektivet er kolonialismen ein som vart forma og styrkt av tekstar og språkbruk. Bak praksisen med å ta over landområde og ressursar langt unna sitne eigne land låg ein idé om at europeisk kultur var overlegen. Det å ta over styringa i "primitive" samfunn var å gi dei moglegheita til å bli "siviliserte". Denne ideologien finn vi igjen i reiseskildringar frå oppdagingsreisande, i forteljingar om ikkje-vestlege "andre" i litteraturen og i karta som vart teikna opp på den tida.

Postkolonialismen som perspektiv inneber å gjere ein slags diskursanalyse der den kulturelle konteksten er kolonialismen. Tanken er at viss ein kan finne spor av ideologiane som ligg i diskursane som styrkte maktforholdet mellom Vesten og resten, kan ein òg utfordre dei.

Edward Said

Edward Saids teori om orientalismen er svært viktig for det postkoloniale perspektivet. Han byggjer på Foucaults teoriar om diskurs. Said, som var frå Palestina, brukte diskursteori for å beskrive korleis kolonimaktene i Vesten skapte den stereotypiske idéen om "Orienten". Det var ein idé om samfunn som ikkje utvikla seg, og som mangla den vestlege, vitskaplege rasjonaliteten.

Adjektivet "orientalsk" vart synonymt med primitiv, underlegen, framandt og til og med farleg (Said, 1978). Vestlege kolonimakter hadde lenge definisjonsmakta til å beskrive "dei andre" i utdanning, vitskap og kulturelle representasjonar. Det er denne definisjonsmakta Said og andre postkolonialistiske teoretikarar i nyare tid har jobba for å utfordre.

Franz Fanon

Som psykoanalytikar og filosof var Franz Fanon oppteken av korleis rasisme og kolonialisme påverka identitetsdanninga til dei koloniserte. I boka Svart hud, vita masker frå 1952 beskreiv han korleis kroppen fungerte som eit teikn og var meiningsberande. Å vere svart er å alltid vere synleg, og i eit rasistisk samfunn inneber det å bli definert av blikket til den kvite, som farleg og framand. Dette påverkar sjølvforståinga til den svarte, som opplever seg sjølv som eit objekt (Vold, 2019).

Gayatri Spivak

Gayatri Spivak er ein indisk professor i litteratur som blir rekna som grunnleggaren av postkolonialistisk teori. Sjølv seier ho at ho brukte omgrepet "postkolonialistisk" ironisk, fordi kolonitida ikkje er over (Røssaak, 1998). Ho peikar på at utbyttinga held fram, sidan den globale økonomien er rigga til etter vestlege interesser. Spivak har òg kritisert omgrepet "den tredje verda" som eit omgrep som står for ei pågåande generalisering og usynleggjering av mangfaldet i den delen av verda som er ikkje-vestleg.

Ein kvit mann i dress sit i ein stol og røyker ein sigarett. Rundt han er det ei stor gruppe mørkhuda menneske. To sit på bakken på kvar si side av den kvite mannen, dei andre står bak. Alle ser mot kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit døme: Mørkets hjerte i eit postkolonialistisk perspektiv

I Mørkets hjerte frå 1902 skriv Joseph Conrad om engelskmannen Charles Marlows reise oppover Kongo-elva. Eit viktig motiv i romanen er kontrasten mellom mørket og brutaliteten i Kongo og lyset til sivilisasjonen i heimlandet til hovudpersonen.

Menneska som hovudpersonen møter, blir beskrivne med ord som "ville", "dyriske", "fråstøytande", "kannibalar" og med ansikt som likna "groteske masker". I eit postkolonialistisk perspektiv kan ein peike på at "Mørkets hjerte" i tittelen rett og slett er Afrika, og reisa innover Kongo-elva blir ei reise som tek Marlow stadig djupare inn i eit mareritt og stadig lenger bort frå sivilisasjonen.

Chinua Achebe har skrive boka Mønsteret faller som ofte blir lesen som eit motstykke til Mørkets hjerte. Han meinte at Conrads roman fyller eit behov for å gjere Afrika til ein motpol til Europa, for å gjere den åndelege overlegenheita til Europa tydeleg (Achebe, 1998).

Tenk over / diskuter

Korleis trur du verda hadde set ut i dag utan kolonitida?

Kjelder

Achebe, C. (1998). Et bilde av Afrika. Rasismen i Mørkets hjerte av Joseph Conrad. Vinduet. 3 (52).

Knudsen, O. F., Hansen, K. F., Ryste, M. E., Hovde, K.-O., Steen, T. & Greve, T. (2021, 10. juni). Kolonialisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/kolonialisme

Røssaak, E. (1998). Den postkoloniale kritiker. Gayatri Spivak intervjuet av Eivind Røssaak. I Vinduet. 3 (52).

Said, E. W. (1978). Orientalism. Routledge & Kegan Paul.

Skei, H. H. (2019, 3. mai). Postkolonialisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/postkolonialisme

Vold, T. (2019). Å lese verden. Fra imperieblikk og postkolonialisme til verdenslitteratur og økokritikk. Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2021

Læringsressursar

Medieforteljingar om "dei andre"