Lydbiletet i filmen Ringens brorskap
Dette filmklippet er eit utdrag frå anslaget til filmen Ringens brorskap i filmtriologien Ringenes herre. Lytt nøye til lyden i anslaget, og svar på spørsmåla nedanfor.
Oppgåver
- Kva for lydkjelder er brukt i anslaget?
- Nemn eitt eller to eksempel på kvar lydkjelde.
- Finn eksempel på diegetisk og ikkje-diegetisk lyd.
- Forklar omgrepa doksal og paradoksal musikkbruk.
- Kva for nemning vil du bruke på musikken i dette filmklippet?
- Korleis er musikken i dette filmklippet med på å forme opplevinga vår av universet filmen utspeler seg i?
- Korleis er musikken med på å framheve rytmen i filmen?
- Nemn eksempel på korleis musikken framhevar dramatiske scener.
- Kva ligg i omgrepet "voice-over"?
- Kva for effekt har bruk av voice-over i anslaget til filmen Ringens brorskap?
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2018