Møt ein filmmanusforfattar - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Møt ein filmmanusforfattar

Skrekkfilmkongen Alfred Hitchcock sa ein gong at ein god film treng tre ting: eit godt manus, eit godt manus og eit godt manus. Eit filmmanus som tek utgangspunkt i ein roman, blir kalla ein adapsjon.
Mette Marit Bølstad har skrive manus til TV-serien Halvbroren. Her blir ho intervjua av Kristin Eriksen Vold under Nordiske Mediedagar i Bergen i 2012. Video: Kristin Eriksen Vold, Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Ein god film treng eit godt manus

Mange filmmanusforfattarar tek utgangspunkt i ein roman eller ei novelle. Dette kallar vi adapsjon. Men ein filmmanusforfattar og ein romanforfattar bruker ulike forteljarteknikkar. Historia i ein film blir fortald gjennom bilete og dialog. Eit filmmanus skildrar derfor både handling, dialog og scener.

Mette Marit Bølstad var blant anna manusforfattar for åtte episodar av TV-serien Halvbroren. Denne serien er basert på romanen til Lars Saabye Christensen og blei vist på NRK vinteren 2013. Tidlegare har Bølstad skrive originalmanuset til Kongen av Bastøy (2010) saman med Lars Saabye Christensen.

Relatert innhald

Skrive av Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Kristin Eriksen Vold
Sist fagleg oppdatert 08.03.2018