Analyser filmen Sinna mann
Filmen Sinna mann (2009) er laga av Anita Killi etter ei biletbok av Gro Dahle og Svein Nyhus. Tema i filmen er vald i nære relasjonar. I denne oppgåva skal du sjå nærare på karakterutvikling og bruk av visuelle og auditive virkemiddel.
Oppgåver
Sjå filmen Sinna mann av Anita Killi. Kva handlar filmen om?
Korleis er forteljarrøysta i filmen, og kva for effekt oppnår filmskaparen ved å bruke denne røysta?
Korleis blir hovudpersonane Boj, mamma og pappa framstelte?
Kva rolle spelar fiskane, hunden og fuglane i filmen?
Kva for endringar skjer med hovudpersonane i filmen?
Kva er det som utløyser desse endringane?
Kva for verkemiddel bruker teiknaren Svein Nyhus for å få fram korleis Boj opplever Sinna mann?
Kva for filmatiske verkemiddel er brukt i teiknefilmen?
Skriv spesielt om korleis lyden i filmen er med på å gi forteljinga ein ekstra dimensjon.
Korleis har boka og filmen Sinna man påverka synet på vald i nære relasjonar i Noreg?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 12.05.2022