Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Retoriske og filmatiske grep i kortfilmen Bawke

Kortfilmen Bawke kan sjåast som eit innlegg i debatten om norsk flyktningpolitikk. Kva slags retoriske grep er brukte i filmen, og korleis støttar det filmatiske opp under denne retorikken? Kva meiner du sjølv om problematikken filmen tek opp?

I denne kortfilmen har regissøren, Hisham Zaman, teke heilt bestemde val med omsyn til dramaturgi og forteljeteknikk for å bevege publikummet sitt.

Filmen reiser tydelege personlege og politiske problemstillingar, og han er eit klart innlegg i samfunnsdebatten om det å ta imot flyktningar i Noreg.

1. Sjå filmen

2. Gjer deg betre kjend med filmen

  • Kva handlar filmen om?
  • Går filmen føre seg innanfor realistiske rammer?
  • På kva måte er filmen aktuell i dag?

Forteljeteknikk og dramaturgi

  • Gi ei skildring av karakterane av filmen.
  • Korleis blir verkemiddel som musikk, lyd, klipp, replikkar og symbol brukte i filmen?
  • Korleis blir Noreg framstilt i filmen?
  • Kva er vendepunktet i filmen?
  • Kvifor lyg faren, og kva ville ha skjedd viss han ikkje hadde gjort det?

3. Retoriske grep

  • På kva måte er Bawke ei politisk ytring?
  • Kva er den viktigaste retoriske strategien i filmen? Korleis blir dramaturgi og forteljeteknikkar brukte retorisk?
  • Kva vil regissøren oppnå ved å fortelje denne historia på denne måten? Kva vil han fortelje? Og kva vil han at vi skal meine om flyktningane han gjer oss kjende med i filmen?

4. Norsk flyktningpolitikk

5. Diskuter i klassen

  • Er det nokon i klassen som har opplevd, eller kjenner nokon som har opplevd, ei liknande historie?
  • Er framstillinga av Noreg i filmen rett?
  • Kva er god flyktningpolitikk?

6. Lag ei politisk ytring

Lag ei politisk ytring om norsk flyktningpolitikk. Vel lyd (20 sekund), video (20 sekund) eller tekst (to avsnitt). Bli einige med læraren om de eventuelt skal samarbeide.

  • Bruk Bawke som inspirasjon, og referer gjerne til filmen.
  • Bruk verkemiddel og forteljeteknikkar retorisk.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 09.09.2021

Læringsressursar

Analyse av fiksjonsfilm