Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriftleg oppgåve: Samanlikn forteljeteknikk i romanar og fjernsynsdrama

Adapsjon handlar om å overføre ein tekst frå eitt medium til eit anna, til dømes frå ein roman til ein spelefilm eller eit fjernsynsdrama. Her er eit forslag til ei tverrfagleg oppgåve som du kan jobbe med i både norsk og mediefag.
Ein skjortekledd person tastar på eit nettbrett. Store og små bokstavar svever i lufta, og i bakgrunnen er det eit verdskart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med oppgåva

Målet med denne oppgåva er at du skal

  • vise at du kan bruke faglege teoriar og omgrep i tekstanalyse

  • vise at du kan finne, vurdere og bruke relevante kjelder

  • vise at du kan reflektere over samanhengar mellom form og innhald i ein roman og eit fjernsynsdrama, og skrive litterære tolkingar og samanlikningar

  • vise at du forstår grunnleggjande forskjellar mellom forteljeteknikk og verkemiddel i romanar og fjernsynsdrama

  • kunne fordjupe deg i eit tverrfagleg emne på ein sjølvstendig måte

Oppgåve 1) Omgrepsforklaring

Forklar og gi døme på desse omgrepa:

  • tekstanalyse

  • forteljing

  • plott

  • dramaturgi

  • forteljeteknikk

  • verkemiddel

Oppgåve 2) Skriv ei fordjupingsoppgåve

Skriv ei fordjupingsoppgåve i norsk eller mediefag der du samanliknar forteljeteknikkar og verkemiddel i romanen Halvbroren (2001) med forteljeteknikkar og verkemiddel i fjernsynsdramaet Halvbroren (2013).

I oppgåva skal du bruke faglege omgrep og teoriar frå både norsk og mediefag. Bruk relevante kjelder og underbygg det du finn ut, med sitat frå romanen og scener frå fjernsynsdramaet.

Relatert innhald

TV-serien «Halvbroren» byggjer på ein roman av Lars Saabye Christensen; ein familiesaga gjennom fire generasjonar og ein drøss med mørke røyndommar.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Analyse av fiksjonsfilm