The Wall – ein film om kommunikasjon
Sjå kortfilmen The Wall. Manus og regi: Lars Klevberg. Det tek 14 minutt å sjå filmen.
Oppgåve
- Lag ei skildring av miljøet der handlinga går føre seg.
- Korleis er stemninga i filmen?
- Kva er det ved filmen som får deg til å oppleve stemninga akkurat slik?
- Minner miljøet og stemninga i denne filmen deg om noko du ser i nyheitsbiletet akkurat no?
- Dette er ein film heilt utan munnleg dialog. Korleis går kommunikasjonen i filmen føre seg?
- Kva skjer når guten kastar den første flaska over muren?
- Kvifor deler guten brødet opp i mange små bitar?
- Kva skjer på slutten av filmen?
- Kva handlar denne filmen eigentleg om?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2018