Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Analyseoppgåve til Arn – Tempelridderen

I denne oppgåva skal du svare på spørsmål om biletbruk, kostyme, rekvisittar og forteljeteknikk i spelefilmen Arn – Tempelridderen (2007).
Et ungt par i middelalderklær går gjennom skogen med hestene sine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver til filmen

Sjå filmen før du løyser oppgåvene: Arn – Tempelridderen

Oppgåve 1

I filmen blir historia fortald gjennom kamerabileta og gjennom lyd. I Arn – Tempelridderen blir det brukt ei rekkje storslåtte naturbilete frå svenske skogar og frå den ugjestmilde ørkenen i Midtausten. Korleis trur du bruken av slike miljøbilete påverkar publikum som ser filmen?

Oppgåve 2

Tidsriktige kostyme og rekvisittar er viktige i historiske filmar. På kva måte kan slike verkemiddel gi historiske filmar truverd?

Oppgåve 3

I dei første minutta av filmen ser vi eksempel på korleis filmskaparane har valt å la historia til hovudkarakterane bli fortald. Forklar på kva måte, og med kva rytme, vi får innblikk i Arn og Cecilia sine historier.

Oppgåve 4

Dramaturgi handlar om korleis ei god historie er sett saman. Spelefilmar nyttar gjerne ein lineær dramaturgimodell (Hollywood-modellen). Korleis er dramaturgien i Arn – Tempelridderen?

Relatert innhald

Det finst mange måtar å byggje opp ei medieforteljing på. Lær meir om korleis dramaturgiske modellar og verkemiddel kan komme til nytte i dine eigne medieproduksjonar.

Arn – Tempelridderen (2007) byggjer på Jan Guillous kjende romantrilogi om Arn Magnusson.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Analyse av fiksjonsfilm