Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser kortfilmen Tuba Atlantic

Som medieforteljing har kortfilmen mykje til felles med novella. I denne oppgåva skal du utforske karakterutvikling, forteljeteknikk og dramaturgi i kortfilmen Tuba Atlantic. Du skal også finne likskapspunkt mellom kortfilmar og noveller.

Om filmen

Tuba Atlantic (2010) vart nominert til Oscar for beste kortfilm i 2012. Filmen, som er spelt inn på Stokkøya i Åfjord i Trøndelag, er regissør Hallvar Witzøs eksamensfilm frå Den norske filmskulen på Lillehammer.

Når Oskar får vite at han berre har seks dagar igjen å leve, ønskjer han å bli forsona med bror sin. Men for å få til dette treng han hjelp av austavinden, ein dødsengel med tannregulering og ein veldig stor tuba.

Oppgåve 1: Sjå filmen og noter stikkord

Sjå kortfilmen Tuba Atlantic på NDLA film. Filmen varer i 25 minutt. Noter viktige stikkord til ein seinare analyse mens du ser filmen.

Oppgåve 2: Karakterar og karakterutvikling i Tuba Atlantic

  1. Beskriv karakterane Oskar og Inger.

  2. Korleis utviklar desse karakterane seg i løpet av filmen?

  3. Kva er det som gjer at dei endrar seg?

Oppgåve 3: Forteljeteknikk i Tuba Atlantic

  1. Kva forteljargrep bruker filmen for å gi oss djupare innsikt i Oskars tankar og kjensler?

  2. Kva forteljargrep bruker filmen for å gi oss djupare innsikt i Ingers tankar og kjensler?

  3. Gi ei konkret skildring av scener som avdekkjer Oskars forhold til broren.

  4. Forklar kvifor filmen har fått tittelen Tuba Atlantic.

Oppgåve 4: Dramaturgi i kortfilmar og noveller

  1. Ei medieforteljing går føre seg i tid og rom. Beskriv romma og tidsspennet denne historia går føre seg i. Kva avgrensingar set tid og rom for forteljarstrukturen i ein kortfilm?

  2. Studer fagteksten "Novellesjangeren", som du finn under relatert innhald. Kva likskapar er det mellom dramaturgien i ei litterær novelle og kortfilmen Tuba Atlantic?

Relatert innhald

Oskar skal døy om seks dagar og vil forsonast med bror sin på andre sida av Atlanteren. Korleis få kontakt? Ved å vekkje til live verdas største tuba!

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2022

Læringsressursar

Analyse av fiksjonsfilm