Karakterutvikling på film
Protagonist, antagonist og konflikt
Ein protagonist, som oftast hovudpersonen i filmen, har eit tydeleg mål som han eller ho aktivt prøver å oppnå. Antagonisten er nokon eller noko som står i vegen for protagonisten. Dette kan for eksempel vere ein skurk eller ein storm. Jo meir motgang protagonisten får, jo større blir konflikten, og jo meir spennande blir det.
Karakteren sine eigenskapar og behov
Eigenskapane til karakterane blir synlege gjennom val, gjennom handlingar og gjennom korleis karakterane reagerer på motgang. Eigenskapane til ein karakter kan synast gjennom kjensler, draumar, utsegner, problem eller gjennom relasjonar til andre karakterar. Eit vondt menneske er for eksempel mykje meir skummelt enn ein stereotypisk skurk. Motstridande behov er med på å skape tydelege konfliktar.
Karakteren sine behov og ønske er drivkrafta i enkeltscener i filmen og i historia som heilskap. Døme på dette kan vere:
- behov for å bli elska
- behov for å få makt
- behov for å overleve
- behov for å fange skurken
- behov for å redde verda
- behov for å løyse mysteriet
Forandring og vendepunkt
Historia blir drive framover av forandringar, og gjennom kampen mot nokon eller noko som står i vegen for karakterane. På denne måten blir det skapt forventingar og spenning hos publikum. Nokre forandringar er så store at ting aldri blir som før att. Dette blir kalla vendepunkt eller «point of no return». Ofte endrar hovudpersonen seg gjennom historia og lærer noko av opplevingane. Men dei treng ikkje alltid å ha lært meininga med livet. Dei kan ha gått frå å vere singel til å få kjærast, frå å vere arbeidsledig til å bli vellykka forretningsmann, eller frå å vere Bruce Wayne til å bli Batman.