Hva vil folk si
Om filmen
Tenk deg at det livet du har saman med venene dine, og det du lever med familien, er totalt ulike. Dette er kvardagen til 16 år gamle Nisha. Ho er i ei dobbeltrolle der ho vekslar mellom å vere ei vanleg norsk ungdomsjente og ei pliktoppfyllande pakistansk dotter.
Då familien ein dag tek Nisha på fersken med den norske kjærasten, ser familien ingen annan utveg enn å sende henne til Pakistan.
I rolla som Nisha gjer 18 år gamle Maria Mozhdah ein solid og overbevisande skodespelardebut. Rolla som faren til Nisha blir tolka av den indiske skodespelaren Adil Hussain. Hussain har spelt i ei rekkje indiske og internasjonale filmar, mellom anna i den Oscar-lønte Historien om Pi.
Hva vil folk si er den andre spelefilmen til regissør Iram Haq. Ho har tidlegare regissert spelefilmen Eg er din, som har vunne fleire prisar på filmfestivalar over heile verda. Haq har òg laga kortfilmen Skylappjenta.
Viktige problemstillingar
Hva vil folk si løfter mange viktige problemstillingar innanfor det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Filmen kan mellom anna brukast som utgangspunkt for å drøfte både kulturmøte og kulturkonfliktar i det norske samfunnet.
Filmen opnar òg for interessante diskusjonar om utfordringar ved tverrkulturell kommunikasjon og identitet.