Hopp til innhald

Fagstoff

Analyse av dramaserien Halvbroren del 2

Kvar episode i dramaserien Halvbroren startar med eit fast anslag der sentrale karakterar og konfliktar blir presenterte. Alt som skjer, har ein bakgrunn i noko som har skjedd. Derfor vekslar filmen stadig mellom notid og tilbakeblikk, mellom barndom og vaksen alder.

Håpet frå Fagerborg

Filmscena ovanfor er henta frå slutten av episode 6 i dramaserien Halvbroren. Fred gjer karriere som boksar under tilnamnet "Håpet frå Fagerborg". Slik får han kanalisert det raseriet han ber på. Barnum er stolt av storebroren sin og tek venene sine med på boksekamp. Her er også mora Vera tilskodar.

Fred har alltid vore svartsjuk på stefaren og den yngre broren sin, som tek merksemda til mora frå han. Ved det som tilsynelatande er eit feilrekna diskoskast, tek Fred livet av Arnold. Dessutan kjenner han seg ansvarleg for at Den Gamle blir overkøyrd. Når Fred senker guarden i bokseringen og lèt seg slå ned av ein mykje svakare motstandar, er det for å vinne attende kjærleiken frå mora.

Forteljarteknikk

Det eigentlege dramaet i Halvbroren går ikkje føre seg i bokseringen, men i det psykologiske samspelet mellom familiemedlemmene, slik dette blir formidla gjennom inngåande nærbilete, eller i breiare biletutsnitt der dei ulike karakterane skifter på å vere i fokus.

Alt som skjer, har ein bakgrunn i noko som har skjedd. Derfor vekslar filmen stadig mellom notid og tilbakeblikk, mellom barndom og vaksen alder. Det ligg eit nitidig arbeid bak kostyme og rekvisittar som fortel oss sjåarar kva tidsepoke og kva for miljø vi til kvar tid er til stades i.

Forteljaren er usynleg i store delar av filmen. Då er det andletuttrykka og dialogen mellom karakterane som ber forteljinga. I den grad perspektivet ligg hjå ein av karakterane, er det synsvinkelen til Barnum som blir lagt til grunn.

Det er også røysta til Barnum vi møter i dei partia av filmen der det blir brukt voice-over. Han er den synlege forteljaren som dreg opp det overordna perspektivet i filmen og bind dei ulike menneskeskjebnane saman.

Under innspelinga av dramaserien blei det lagt ned mykje arbeid i å gjere kostyme og rekvisittar så tidsrette som råd er. Her blir opningsscena frå frigjeringsdagen 8. mai 1945 filma: Halvbroren - glimt fra filminnspillingen

Dramaturgi

Fjernsynsforteljinga Halvbroren er delt inn i åtte episodar. Kvar episode startar med den same introduksjonen. Her blir personane, konfliktane og tematikken presenterte. Deretter flyt forteljinga vidare der ho slutta i førre episode. Kvar episode blir avslutta med eit dramatisk høgdepunkt.

Grafikk som viser dramaturgi i vanlige TV-serier. Hver episode ender med et klimaks. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tittelen Halvbroren viser til at Fred og Barnum tilsynelatande har forskjellig far, sidan ingen veit kven faren til Fred er. Men då mysteriet med knappen, som er det einaste sporet etter det ukjente farskapet, etter kvart blir oppklart, viser det seg at det ikkje er usannsynleg at dei er heilbrør likevel.

Halvbroren er delvis bygd opp som ei kriminalforteljing. Fred forsøker å finne ut kven som er den eigentlege faren hans, og kor Brevet har teke vegen. Barnum leitar etter Fred. For å nå målet må dei kjempe både mot seg sjølve og andre, og avsløre løyndomar. Fjernsynsforteljinga Halvbroren har ein tydelig resolusjon, ei avslutning, der dei fleste brikkene fell på plass i siste episode. Slike dramaseriar blir kalla føljetongar.

Kva vil dramaserien fortelje oss?

Arnold Nilsen døypte sonen sin Barnum etter ein kjent illusjonist som hevda at heile verda ville bedragast. I Barnum sin familie ber alle på løyndomar, og ubehagelege sanningar blir dekte til med bortforklaringar og løgner. På 60- og 70-talet gjorde mange unge opprør mot dei falske familiefasadane i middelklassa. Avsløring av familieløgner er eit tema som går att i fleire av romanane til Saabye Christensen.

Freds jakt på den biologiske faren sin blir derfor jakta på sanninga bak alle falske fasadar, og også den vegen Barnum må gå for til slutt å bryte ut av den lange rekka av fedrar som har forsvunne ut av liva til barna sine.

Bloggen Bokverket: Litt om Halvbroren og lengselen etter å bli hel

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019

Læringsressursar

Analyse av fiksjonsfilm