Oppgåve
Verkemiddel i traileren til Kongens nei
I desse oppgåvene skal du øve deg på å kjenne igjen og beskrive forteljeteknikk og filmatiske verkemiddel i ein trailer.
Beskriv kva slags forteljeteknikk som blir brukt i traileren.
Kan du på bakgrunn av forteljeteknikken i filmen vurdere kva slags sjanger, eller sjangrar, filmen høyrer til? Utdjup svaret ditt.
Lag ei liste over kva filmatiske verkemiddel som er brukte i traileren.
Beskriv så korleis verkemidla blir brukte.
Kva er meint med den retoriske appellforma patos, og korleis kan verkemiddel brukast til å skape patos i filmar?
På kva måte blir patosappellen styrkt i denne traileren?
- Kva kjensler sit du sjølv igjen med etter å ha sett traileren?