Hopp til innhald

Fagstoff

Moglegheiter innan animasjon

Med animasjon kan du formidle ei rekkje ting som du ikkje kan kommunisere gjennom vanleg film. Kjensler, prosessar og overdrivingar er typiske døme på det.

Kjensler

Animasjonsfilm har ei rekkje fordelar når det gjeld formidling av kjensler. Eit godt døme på dette er teiknefilmen Du velger selv, som er ein animert dokumentarfilm frå 2013 (Microfilm).

I filmen møter vi fleire barn som har ein pappa som sit i fengsel. Stemmane til barna er ekte, og historiene er sanne. Filmens regissør, Kajsa Næss, seier dette:

Desse barna er ikkje nødvendigvis redde for faren sin, sjølv om han er ein tjuv eller ein mordar, men dei er redde for dei andre tjuvane og mordarane som sit i fengselet, og at dei skal gjere noko med pappaen deira, så det er ei veldig skummel oppleving å komme dit.

Når barna fortel, blir det vist innslag av abstrakte sekvensar. Desse formidlar til dømes opplevinga eit barn har fått av å kome inn i eit stort og skummelt fengsel. Den visuelle teknikken får fram kjensla barnet får av å besøkje pappaen sin og viser oss det vi forstår, men som barnet ikkje klarer å setje ord på.

Du kan lese meir om filmen og filmskaparen her: Tøff nok – en samtale med regissør Kajsa Næss om Amanda-nominerte Du velger selv.

Sinne

Eit anna døme er filmen, Sinna Mann frå 2009 (Trollfilm). Den tek opp vanskelege tema om vald i familien.

Her møter vi ein liten gut, Boj, som er redd og har det vondt. Han lurer på om det er skulda hans at faren blir så sint at han slår mamma. Til slutt skriv han eit brev til kongen og fortel om løyndomen sin.

Teknikken i denne filmen er analog cut-out, og bruk av tekstilar – slik som dyna Boj gøymer seg under – kan i dette tilfellet bidra til at vi kjem ekstra tett innpå karakteren. Det er noko skjørt over dette, der han skjelv og gøymer seg under dyna, og vi blir minna om kor makteslause vi er, som berre kan sjå på denne fortvilte situasjonen.

Sinna mann formidlar [...] ein klar bodskap til alle som har vore i nærleiken av slike opplevingar: Du er ikkje aleine. Det er ikkje di skyld. Du må seie frå til nokon du stoler på. For det behøver ikkje å vere slik!

Er du einig i sitatet? Sjå gjerne filmen ein gong til.

Ein heilaftans film om kjensler

Eit døme til på ein animasjonsfilm som formildar kjensler, er Innsiden ut. Filmen illustrerer korleis kjenslene oppstår i oss og kjem til syne på overflata. Ei slik forklaring på kjenslelivet vårt ville ikkje vore mogleg å lage med vanleg film.

Sjå sjølv i traileren til filmen Innsiden ut (Imdb).

Prosessforløp

Nokre gonger er animasjon det einaste mediet som kan illustrere eit heilt prosessforløp. Vi får innblikk i prosessar som vi normalt ikkje får sjå, som til dømes korleis fordøyingssystemet eller immunsystemet vårt fungerer. Animasjonar kan vise oss ulike anatomiske og medisinske prosessar i ein menneskekropp eller løpet til planetane rundt sola.

Overdrivingar

I animasjon kan du også overdrive langt meir enn du kan i realfilm. I den amerikanske teiknefilmserien Tom og Jerry kan dei til dømes slå kvarandre ihel i ein augneblink, mens dei er oppe og går igjen i det neste. Dette godtek vi, ettersom dei berre er teikningar og ikkje ekte menneske.

Ein katt trekkjer i værhåra til Tom. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Endringar over tid

Det er også mogleg å vise endringar over tid, til dømes ved å bruke timelapse-teknikken. Her ser vi ein blome vekse på eit par sekund, ved å ta bilete av prosessen i intervallar.

CC BY-SASkrive av Siren Halvorsen.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Analyse av fiksjonsfilm