Kvifor er god skrivekompetanse så viktig?
I denne oppgåva skal de først skrive åleine, deretter lese svara til dei andre i klassen. De kan skrive på lappar som blir samla inn og lesne opp, eller de kan bruke eit digitalt verktøy, som til dømes Samtavla på UiO.
A. Skriv åleine
Svaret ditt skal lesast opp, men du skal svare anonymt.
Korleis vil du beskrive forholdet ditt til det å skrive? Utdjup svaret.
Vil du seie at du har god sjølvtillit som skrivar?
Kva betyr det eigentleg "å skrive godt"?
I kva situasjonar i livet trur du at du kan ha bruk for å skrive godt?
B. Les og diskuter
Samle inn lappane eller bruk det valde verktøyet:
Gå gjennom svara til alle elevane i klassen: Klarer de å finne ein "trend" og samanfatte kva haldning klassen har til skriving?
Diskuter svara de har gitt på oppgåve 3 og 4.
Sjå filmen om skriving øvst på sida. Diskuter deretter i grupper:
Visste de at gode skriveferdigheiter var så viktig i høgare utdanning og i arbeidslivet?
I filmen blir det sagt at mange elevar slit med skriveferdigheitene sine, men det blir ikkje sagt noko om kva som kan vere årsaka til dette. Kva trur de?
Korleis trur de at de kan jobbe for å bli betre til å skrive?
Kjell Lars Berge seier mot slutten av filmen at "du blir smartare" av å skrive, og han viser til forsking. Kvifor trur de vi blir smartare av å skrive?
De skal lese essayet "Å skrive er å tenke" av litteraturvitar og professor Toril Moi (under). For å få med dykk alt innhaldet skal de lese i bolkar og diskutere kvar bolk før de les vidare. Jobb i grupper, og følg instruksane under.
Bolk 1: Les første avsnitt, og diskuter følgjande spørsmål:
Kva meiner Toril Moi med utsegna "å skrive er å tenkje"?
Kvifor synest ho det er så viktig å teste ut tekstane sine på andre?
Bolk 2: Les andre og tredje avsnitt, og svar på dette:
Korleis går Toril Moi fram når ho skal skrive ei ny bok? Og kvifor gjer ho det slik?
Har nokon av dykk liknande metodar når de skriv? Viss ikkje: Korleis går de fram?
Bolk 3: Les fjerde til og med sjette avsnitt.
Desse avsnitta handlar om akademisk skriving og klarspråk på universitetsnivå. Likevel er det nok nokre sider ved bolken de kanskje kan kjenne dykk igjen i.
Diskuter korleis desse påstandane kan overførast til skrivinga dykkar i vidaregåande skule:
"Vi har så lett for å tro at vi har sagt noe klart, når vi faktisk ikke har gjort det."
"Vi må øve oss opp til å lese våre egne setninger som om de var skrevet av en annen. Da ser vi hva teksten vår viser at vi tenker. Om vi ikke liker det vi ser, har vi heldigvis frihet til å skrive om igjen!"
Bolk 4: Les resten av teksten, og diskuter:
Toril Moi skriv om kor viktig det er å revidere og lytte til andre i skriveprosessen. Er dette noko de har erfaringar med? I så fall: Korleis?
Etter å ha lese Toril Mois essay: Kva skriveprinsipp og skriveråd kan de ta med dykk vidare i eiga skriving på vidaregåande skule?
Lag ei liste med konkrete tiltak de i klassen vil bruke i skriveprosessar for å bli betre skrivarar.
Relatert innhald
Om det å skrive tekstar. Utdrag frå essayet "Å skrive er å tenke" av Toril Moi.
Skriv åleine i 20 minutt. Du skal reflektere over desse spørsmåla:
Har eg eigentleg forstått kor viktig skriveferdigheiter er?
Korleis vil eg definere min eigen "skrivesjølvtillit"?
Kva kan eg gjere for å bli betre til å skrive?
Relatert innhald
Har du tenkt over at det å skrive òg kan vere eit verktøy som hjelper deg å tenkje betre?
Lær deg kva eit "akademisk" og "presist" språk er ved å skrive om bananar og vassmelonar.