Hopp til innhald

Fagstoff

U-say: Eit undervisningsprogram for lærande tankesett

Hjernen er som ein muskel. Han blir sterkare og smartare jo meir han blir utfordra. I det nettbaserte undervisningsprogrammet U-say får elevar eit innblikk i kva som skjer i hjernen når dei lærer, og korleis dei kan utvikle eit meir lærande tankesett.
Ein kvinneleg elev sit og skriv ved ein pult. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er lærande tankesett?

Forsking viser at elevar som får gode skuleresultat, ofte tenkjer på ein bestemd måte. Når desse elevane gjer feil eller møter nye og vanskelege utfordringar, gir dei ikkje opp, men tenkjer at dette er noko dei kan få til. Dei må berre arbeide hardare, skaffe hjelp viss dei står fast eller finne riktig strategi for å løyse akkurat denne utfordringa. Denne måten å tenkje på blir kalla eit lærande tankesett.

Elevar med eit lærande tankesett tenkjer at intelligens, talent og evner ikkje er noko ein er fødd med, men noko som skal utviklast gjennom skulegangen. Viss det er noko dei ikkje forstår eller får til, har dei tru på at dei kan klare det i framtida. Viss dei får kritiske tilbakemeldingar, prøver dei å lære av tilbakemeldingane. Dei er opptekne av eigen framgang, ikkje resultata til dei andre elevane.

Elevar med eit lærande tankesett tenkjer:

  • Eg fekk dårleg karakter på prøven, men eg kjem til å gjere det betre neste gong viss eg lærer av feila.

  • Evnene og talenta mine blir heile tida utvikla gjennom det vi lærer på skulen og andre stader.

  • Eg får det kanskje ikkje til enno, men eg gir ikkje opp.

  • Feil hjelper meg å lære.

  • Vanskelege utfordringar trenar hjernen min og gjer meg smartare enn eg var.

Det motsette av eit lærande tankesett er eit låst tankesett. Elevar med eit låst tankesett tenkjer at evner og talent kjem av medfødte eigenskapar, og at det er medfødte evner og talent som avgjer om dei lykkast eller ikkje.

Det er ikkje slik at vi anten har eit lærande eller eit låst tankesett. Som oftast har vi eit meir lærande tankesett i somme situasjonar, mens vi i andre situasjonar kan ha eit låst tankesett. Mange kan til dømes ha eit lærande tankesett når dei trenar fotball eller øver på å spele eit instrument dei er glad i, mens dei har eit låst tankesett når det gjeld enkelte skulefag dei synest er spesielt vanskelege.

Portrettbilete av Carol Dweck. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Undervisningsprogram for lærande tankesett

Du kan lære meir om lærande tankesett i det nettbaserte undervisningsprogrammet U-say. Dette programmet er utvikla av Universitet i Stavanger og Oslo og Stanford, Texas University og Rogaland fylkeskommune med støtte frå Noregs forskingsråd. Det består av to leksjonar på 30 minutt med oppgåver som skal gjennomførast med fire vekers mellomrom.

  • Første leksjon forklarer korleis hjernen fungerer, og kvifor ungdomstida er ein spesielt gunstig periode for å auke hjernekapasiteten.

  • Andre leksjon belyser kva eit lærerende tankesett er, og korleis andre har brukt det. Undervisningsprogrammet har blitt testa ut på tusenvis av elevar. Det har hjelpt mange elevar til å få meir tru på eigne moglegheiter til å lære, og til å oppleve mindre press og stress i skulearbeidet.

Kjelder

Bru, E. (Red.). (2019). Stress og mestring i skolen. Fagbokforlaget.

Universitetet i Stavanger (u.å) U-say. Henta 10. august 2021 frå https://usay.nettopuis.live/

Talks at google(2015, 16. juli). Carol Dweck. The growth mindset (video). You tube. https://www.youtube.com/watch?v=-71zdXCMU6A&t=2s

TEDxNorrköping (2014, 12. september). The power of yet. Carol S Dweck (video). Youtube. https://www.youtube.com/watch?v=J-swZaKN2Ic&t=30s

Woolfolk, A. (2004). Pedagogisk psykologi. Tapir Akademisk Forlag.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 23.08.2021

Læringsressursar

Læringsstrategiar