Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis gi tilbakemeldingar?

Å vurdere arbeidet til andre og få tilbakemelding frå medelevar er god læring. Årsaka er at du får eit anna blikk på eige arbeid, men òg innsikt i korleis ein annan har løyst den same oppgåva som deg. Her vil du få tips om korleis du skal gi og få tilbakemeldingar.
Kvinne peiker på ark og snakkar med ung mann i klasserom. Foto.

Kvifor gi kvarandre tilbakemelding?

Karl Ove Knausgård-portrett. Foto.

Veit du kva dei aller beste forfattarane våre gjer før dei gir ut ei bok? Dei får andre til å lese teksten og gi dei tilbakemeldingar. Dessutan har alle forlag tilsett korrekturlesarar som skal lese gjennom teksten ein siste gong før han blir gitt ut. Ein "profesjonell" tekst er altså lesen av langt fleire enn berre forfattaren når han kjem ut.

Det same gjeld andre profesjonelle produkt, som til dømes foredrag og podkastar; det er alltid fleire som kvalitetssikrar det som skal ut til eit publikum. Det kan til dømes vere som innspel på idéen, på teksten og/eller på framføringa.

Sjekk om du når fram med tankane dine

Kvinne held opp ein plakat med bilete av ei lyspære. Foto.

Skriving er ein fascinerande prosess. Det heile startar i hovudet ditt som tankar. Så skal du formulere desse tankane skriftleg. Den som les tankane dine, i skriftleg form, er mottakaren. Det er hen du skriv til, ikkje deg sjølv.

Det som kan skje i denne prosessen, er at den klare tanken du skreiv ned, ikkje verkar klar for mottakaren. Det er nettopp derfor du skal få ein annan til å lese ein tekst før du leverer han inn. Den som les teksten, kan fortelje deg korleis han verkar for mottakaren og hjelpe deg med å formidle tankane dine på best mogleg måte.

Noko liknande kan skje når du skal formidle noko munnleg. Du har ein klar tanke om kva du skal formidle, og kva du må seie for at mottakarane skal forstå dette. Likevel er det ein fare for at du ikkje forklarer nok, bruker gode nok døme eller har eit presist nok språk. Kanskje har du òg lagt deg til nokre uvanar når du står framfor eit publikum, som du ikkje er klar over. Har du nokon som høyrer på når du øver deg, vil hen kunne seie om du når fram med tankane dine, og om du bruker stemme og kropp på ein slik måte at det understrekar det du vil seie.

Vis omsyn når du gir tilbakemelding

Hugs at den som har skrive teksten eller halde framføringa du gir tilbakemelding på, kan bli lei seg dersom du har negative kommentarar. Det er derfor svært viktig at du er forsiktig og tenker deg godt om når du ordlegg deg.

Men lær deg å godta tilbakemelding ...

Jente jobbar på datamaskin. Foto.

Vi menneske er skapte slik at vi tek imot tilbakemeldingar på ulikt vis. Somme blir glade for hjelp til å forbetre sitt eige arbeid, mens andre tek det som kritikk og blir sure eller lei seg.

Det å lære seg å ta imot råd om forbetring er òg ein viktig jobb i prosessen. Lær deg at tilbakemeldinga ikkje er ein kritikk av deg som person, og at blikket til andre på teksten er eit verdifullt tilskot i læringsprosessen.

Diskuter med ein medelev

Korleis vil du definere deg sjølv? Er du alltid open for tilbakemeldinga frå andre, eller synest du det er vanskeleg, sidan du oppfattar tilbakemeldingar som kritikk?

Gode tips når du skal skrive tilbakemeldingar

Korleis bør du gå fram for å skrive gode tilbakemeldingar til medeleven din? Her får du tre gode tips:

Tips 1: Bruk vurderingskriteria

Læraren dykkar har laga vurderingskriterium til oppgåva. Finn desse fram og bruk dei når de gir tilbakemeldingar. Ikkje berre får du gitt medeleven din målretta respons, du vil òg kunne reflektere over om ditt eige arbeid følger kriteria.

Tips 2: Ordlegg deg omsynsfullt og konkret

Boksehanske på ei stålfjør blir skoten ut frå skjermen på ei berbar datamaskin. Illustrasjon.

Korleis trur du folk opplever å få tilbakemeldingar som "Kan du ikkje stave, eller?" eller "Du forklarer så dårleg at eg ikkje skjønner kva du meiner"? For det første blir du lei deg, og for det andre lærer du ingenting. Derfor er det viktig at du både er vennleg og konkret i tilbakemeldingane dine.

Dette er døme på konstruktive og omsynsfulle tilbakemeldingar:

  • Eg foreslår at du bruker eit anna døme her fordi ...

  • Kanskje du heller kan skrive ... fordi ...

  • Dette ordet trur eg du bør droppe fordi ...
  • Ein annan måte å formulere dette på kan vere ...
  • I dette avsnittet bør du setje inn ...

Sluttkommentaren

I tillegg til kommentarar til enkeltdelane i arbeidet, bør du skrive ei kort oppsummering til slutt. Samanfatt gjerne punktvis.

Sjå på dømet under. Legger du merke til at den første tilbakemeldinga er lite konstruktiv, mens den andre er både konkret og fagleg?

Svak tilbakemelding

Skikkeleg bra tekst, særleg at du brukte så mange fagomgrep. Men veldig dårleg språk og innleiing. Sjå gjennom ein gong til.

Kvifor er denne tilbakemeldinga svak?

Ho seier kva som er dårleg utan å gi råd om kva som kan bli betre. Tilbakemeldinga er òg vag og bruker ikkje fagomgrepa frå vurderingskriteria.

God tilbakemelding

  1. Det beste med teksten din er at du bruker fagomgrep på ein så god måte når du forklarer. Då får du til å skrive presist, samtidig som du viser fagkunnskapar. Det verkar dessutan som du har full kontroll på stoffet.

  2. Det aller viktigaste du bør jobbe med før du leverer, er setningskoplarar. Les gjennom teksten ein gong til, og tenk over korleis du kan skape betre flyt mellom setningane. NB! Sjekk det andre avsnittet i hovuddelen din. Der får du det til. Meir som dette!

  3. Eit anna godt tips: Kan du endre litt på innleiinga og avslutninga, slik at desse heng betre saman? Du kan prøve å lage ein sirkelkomposisjon, slik at du bind saman teksten. Til dømes går det an å avslutte innleiinga med eit spørsmål for så å vende tilbake til det i avslutninga.

Kvifor er denne tilbakemeldinga god?

Ho er konkret og gir gode tips om kva som kan forbetrast, og korleis det kan gjerast. I tillegg bruker ho fagomgrep som bevisstgjer mottakaren.

Tips 3: Gi ros!

Ung mann sit bak ein dataskjerm med hendene bak hodvudet og smiler. Foto.

Å gi ros er minst like viktig som å peike på det som kan bli betre. Det handlar ikkje berre om å gjere mottakaren glad, men å få hen til å halde fram med det hen er god til. Om du skriv "I dette avsnittet har du vore veldig god til å bruke setningskoplarar for å skape flyt", er det store sjansar for at medeleven din vil bite seg merke i det og halde fram med å bruke setningskoplarar som skaper flyt.

Ekstratips

Marker rosen med ein positiv farge: Om alle positive tilbakemeldingar til dømes blir markerte med grønt, lyser rosen mot medeleven din når hen opnar teksten for å lese tilbakemeldingane.

Gode tips når du skal gi og få munnleg tilbakemelding

Bestem dykk for kva arbeid de skal gi tilbakemelding på først. Det er lurt å ta for seg eitt arbeid om gongen, heller enn å gå fram og tilbake mellom to.

Tips 1: Ordstyring

Den som har skrive tilbakemeldinga som de skal gå gjennom først, startar. Start med det du har skrive nedst i dokumentet for å gå gjennom hovudpunkta i tilbakemeldinga. Om den som har skrive teksten eller halde foredraget treng å bli forklart kva du meiner, kan du vise til konkrete døme.

Det er viktig at den som får responsen, ber om grunngivingar om det er noko hen ikkje skjønner. Om tilbakemeldinga er "Eg likte ikkje avslutninga", bør du spørje "Kva kunne eg ha gjort annleis?".

Tips 2: Ver raus med rosen

Start gjerne med det positive. Fortel kva du likte med teksten eller framføringa, og vis gjerne til dei delane som imponerte deg mest. Den som får tilbakemeldinga, vil garantert ønske å få til meir av det gode.

To måtar å gi tilbakemeldinga på – skriftlege tekstar

De kan organisere prosessen på to ulike måtar, anten som ein open prosess der de veit kven som gir tilbakemelding, eller anonymt. Det er fordelar og ulemper med begge.

Metode 1: Open og munnleg tilbakemelding

Lærar snakkar med to elevar i klasserommet. Foto.

Fordelen med denne metoden er at de får snakka saman når de skal gi tilbakemelding. Då kan de unngå eventuelle misforståingar. I tillegg vil dei fleste vere meir omsynsfulle når dei veit kven dei skriv til, enn når mottakaren er anonym. Ulempa kan vere at du blir så omsynsfull at du eigentleg ikkje gir konstruktive tilbakemeldingar på kva som kunne ha vore betre.

Framgangsmåte

  1. Start med å skrive ned to–tre moment du vil at lesaren skal legge merke til. Kanskje er du usikker på om du har lykkast med innleiinga? Eller pleier du å få tilbakemelding av læraren din på at du ofte har dårleg flyt i språket? Be lesaren legge merke til dette når hen les.

  2. Byt tekstar. Når du les, bør du både notere undervegs i teksten og til slutt. Pass på at du kommenterer det skrivaren har bedd deg om å vere observant på, men gi òg tilbakemelding på andre moment du synest er viktige. Det er ikkje alltid vi sjølve legg merke til våre eigne feil.

  3. Avslutt med å setje dykk saman og gi kvarandre tilbakemeldinga munnleg, i tillegg til den skriftlege responsen i teksten.

Metode 2: Anonym tilbakemelding

Jente sit i eit klasserom og les mens ho held ein penn i handa. Foto.

Det er ingen tvil om at det å snakke saman om tekstane, er ein fordel, men ikkje alle er komfortable med at andre elevar i klassen skal lese tekstane deira. Kanskje manglar dei sjølvtillit og skammar seg over språket sitt? Då bør tilbakemeldinga organiserast anonymt. Det har dessutan den fordelen at mange tør å gi ærlegare tilbakemeldingar enn om mottakaren er kjend.

De følger den same framgangsmåten som ved open tilbakemelding, men må naturleg nok sløyfe den siste samtalen. Det er læraren dykkar som må organisere anonym utveksling av tekstane.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2022

Læringsressursar

Læringsstrategiar