Til læraren
Denne oppgåva skal hjelpe elevane til å forstå kva både akademisk og presist språk er. Det er ei fin oppgåve å starte med før elevane skal skrive lengre tekstar, til dømes fagartiklar eller samanlikningar.
Grunnen til at elevane skal skrive om bananar og vassmelonar, er at dette er objekt som elevane veit ein del om frå før. Derfor kan alle i klassen klare å skrive noko. Men kor presist klarer dei å skildre utsjånaden, smaken og konsistensen til vassmelonen og bananen?
Kva betyr det "å skrive akademisk"?
Eit akademisk språk er:
Presist. Ordet presis kjem frå det latinske ordet praecisus, som betydde "avskjere framfor" og "avkorte" (naob.no). Å skrive presist vil altså seie å skrive klart og tydeleg utan utanomsnakk. Kutt alle unødvendige ord!
Objektivt. Språket skal ikkje innehalde personlege uttrykk, som "eg". Det skal heller ikkje vise dine personlege meiningar.
Målretta. Du har gjerne fått ei oppgåve med eit formål. Dette formålet skal rettast mot ei spesifisert mottakargruppe.
Påliteleg. I ein akademisk tekst skal du støtte påstandar med kjelder.
Oppgåve 1. Skriv akademisk om vassmelon og banan
Oppgåve 2. Samanlikn vassmelon og banan
Bruk det du no har skrive, til å skrive ei samanlikning av vassmelonen og bananen. Målet med teksten din er å:
peike på likskapar og forskjellar mellom banan og vassmelon (sjå for deg at målgruppa er heilt uvitande om emnet)
skrive presist og akademisk
lage ryddige avsnitt
bruke tekstkoplarar for å skape flyt i teksten
Bruk gjerne samanlikninga mellom bjørk og furu under som ein modelltekst. Legg merke til at:
tekstkoplarar som uttrykkjer likskap er markerte med tjukk skrift
tekstkoplarar som uttrykkjer forskjell er markerte med kursiv