Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Skap flyt mellom setningane

Ein god tekst har god flyt. Det vil seie at lesaren ikkje treng å stanse opp og lese noko på nytt fordi teksten ikkje heng saman. Her skal vi sjå på korleis du kan lage flyt mellom setningane.

Del 1: Sjå på flyt mellom setningar

Sjå på dei to nesten identiske tekstane under. Kva er skilnaden på dei? Les gjerne avsnitta høgt for kvarandre og skriv ned orda som er ulike.

Tekst 1

Dersom du bur på landet, må du tilpasse deg dei menneska som er i bygda. Det underlege er at nettopp dette kan skape meir toleranse. Du kan nemleg ikkje velje bort han du synest ser så dum ut i den capsen, eller ho som er heilt håplaus til å danse. Du kan heller ikkje velje å berre vere saman med menneske som liker å lese djupe bøker, om det er hobbyen din. Og kanskje kan akkurat det føre til at du blir meir open for ulike typar menneske?

Tekst 2

Dersom du bur på landet, må du tilpasse deg dei menneska som er i bygda. Det kan skape meir toleranse. Du kan ikkje velje bort han du synest ser så dum ut i den capsen, eller ho som er heilt håplaus til å danse. Du kan ikkje velje å berre vere saman med menneske som liker å lese djupe bøker, om det er hobbyen din. Det kan kanskje føre til at du blir meir open for ulike typar menneske?

Forklaring

Bruk av setningsbindarar skaper flyt i språket. Avsnittet til venstre (tekst 1) bruker setningsbindarar. Her flyt språket langt betre enn i avsnittet til høgre (tekst 2), som verkar stakkato.

Forskjellen mellom dei to avsnitta er desse setningsbindarane:

  • nettopp dette

  • nemleg

  • heller ikkje

  • Og kanskje kan akkurat det

Ei oversikt over ulike tekstbindarar

Tekstbindarar er ord og uttrykk som skaper logisk samanheng i teksten slik at det blir lettare å forstå han. Vi skaper samanheng når vi tydeleggjer opprekningar, alternativ, motsetningar, likskapar, årsaksforhold og tidsrekkefølge.

Tekstbindarar skaper flyt og fører lesaren vidare i teksten. I oversikten under finn du døme på tekstbindarar du kan bruke for å skape samanheng og god flyt.

Del 2: Avsnitt utan flyt – fiks opp!

Sit gjerne saman to og to. Avsnittet under har dårleg flyt. Set inn setningsbindarar slik at avsnittet høyrest betre ut. Det er mange moglegheiter her. Under avsnittet finn de eit forslag til løysing.

Ei viktig årsak til at mange føretrekker å bu i byen, er jobb- og studiemoglegheiter. Det er få moglegheiter for høgare studiar på bygda. Mange flyttar til byen når dei er ferdige med vidaregåande skule. I Oslo og Bergen kan dei studere alt frå jus til fysikk. Dei blir verande i byen fordi det er fleire relevante jobbar her. Det er ikkje flust av arkitekt- og reklamejobbar i Gudbrandsdalen og på Utsira. Mange meiner byen er betre enn bygda. Mange ønskjer seg spennande studiar og jobbar.

Løysingsforslag

Ei viktig årsak til at mange føretrekkjer å bu i byen er jobb- og studiemoglegheiter. Fordi det er så få moglegheiter for høgare studiar på bygda, flyttar mange til byar når dei er ferdige med vidaregåande skule. I Oslo og Bergen kan dei nemleg studere alt frå jus til fysikk. I tillegg kan det vere dei blir verande i byen fordi det er fleire relevante jobbar her. For det er verken flust av arkitekt- eller reklamejobbar i Gudbrandsdalen og på Utsira. Av denne grunnen vil mange meine at byen er betre enn bygda: For spennande studiar og jobbar er noko mange ønskjer seg.

Setningsbindarane vi har brukt for å skape betre flyt er desse:

  • fordi

  • nemleg

  • i tillegg

  • for

  • verken

  • eller

  • av denne grunnen

Del 3: Jobb med flyten

For deg som jobbar med læringstien "Å skrive fagartikkel": Jobb vidare med fagartikkelen om ungdom og press. Lag god flyt mellom setningane i dei to avsnitta du har skrive til no.

Skriv du ikkje om ungdom og press i læringsstien? Ta for deg ein annan fagartikkel og jobb med flyt mellom setningar i denne.

Byt gjerne med sidemannen for å kvalitetssikre når de er ferdige.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 10.12.2025