Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Korleis skrive innleiing til fagartikkel?

Å lage ei god innleiing er noko av det viktigaste du gjer i ein fagartikkel. Men kva kjenneteiknar eigentleg ei god innleiing?

Det første til slutt

Vent med å skrive innleiinga til du er ferdig med hovuddelen. Innleiinga skal nemleg fortelje kva hovuddelen handlar om. Når du skriv hovuddelen først, unngår du å love noko i innleiinga som du ikkje klarer å halde. Du slepp dermed å endre på innleiinga i etterkant.

Tips!

Det heiter "innleiing". Du skal altså leie lesaren din inn i det teksten handlar om.

Lèt som om du tek lesaren i handa og leier hen forsiktig inn til problemstillinga. Då er eit godt tips å starte generelt og avslutte spesielt.

Del 1: Diskuter i par eller grupper

  1. Kva er den aller viktigaste oppgåva til ei innleiing?

  2. Kva andre viktige oppgåver har ei innleiing?

  3. Kva kjenneteiknar ei god innleiing?

Fasit

Ei god innleiing informerer om kva teksten handlar om. Ho skaper nygjerrigheit og gir lyst til å lese vidare.

Del 2: Diskuter ei innledning

Teksten under skal vere innleiinga til oppgåva: "Kvar er det best å bu, på landet eller i byen?"

I ein by kan du både gå på kino og danse ballett. Dei fleste i Noreg bur i byar. Årsaka er nok at det er fleire valmoglegheiter her, og at det er enklare å få jobb. Eg bur i ein middels stor by, og her kan eg gå på kafe og spele basketball. Kvifor vil du bu i byen?

Diskuter:

  1. Startar innleiinga generelt og avsluttar spesielt?

  2. Gjer innleiinga det heilt klart kva teksten skal handle om?

  3. Er det noko openbert gale med innleiinga? Gjer ho noko du bør unngå i innleiingar?

Fasit

  1. Startar innleiinga generelt og avsluttar spesielt?

    • Denne innleiinga beskriv ikkje emnet generelt i starten. Ho går rett på sak ved å beskrive ei positiv side ved byen: "I ein by kan du både gå på kino og danse ballett."

  2. Gjer innleiinga det heilt klart kva teksten skal handle om?

    • Nei: Vi skjønar at det skal handle om by og land, men det er uklart akkurat kva fagartikkelen skal drøfte.

  3. Er det noko openbert gale med innleiinga?

    • Ja: Ho er subjektiv og personleg: "Eg bur i ein middels stor by, og her kan eg gå på kafe og spele basketball."

    • Ja: Ho kjem med argument som høyrer til hovuddelen: "Årsaka er nok at det er fleire valmoglegheiter, og at det er enklare å få jobb."

Del 3: Tre ulike innleiingar

Sjå på dei tre ulike innleiingane under og diskuter i par:

  1. Kva er skilnaden på dei? Sjå på korleis dei startar, korleis dei snevrar inn, og korleis dei avsluttar.

  2. Kva funksjon har dei tre ulike innleiingane?

  3. Kva for ei av innleiingane likte de best? Grunngje svaret.

  4. Finst det andre måtar å innleie ein tekst på? Kom med forslag.

Informativ innleiing

I Noreg i dag bur dei fleste i byar. Men slik har det ikkje alltid vore: På slutten av 1800-talet budde nesten to tredelar av Noregs befolkning på landet. I dag, derimot, bur åtte av ti i urbane strøk. Årsaka til denne enorme endringa er sjølvsagt at Noreg har blitt både industrialisert og urbanisert, og det er framleis slik at fleire flyttar frå bygda til byen, enn omvendt. I byen kan dei studere og treffe mange ulike folk. Likevel er det nokon som blir verande på landet, og ein god del vel òg å flytte bort igjen frå byen etter at dei har avslutta studiane sine. Men kvar er det eigentleg best å bu? I byen eller på landet?

Innleiing med provoserande spørsmål

Vakre blomstrar og frisk luft, eller eksos og støy? Einsformige dagar med traktorkøyring som einaste fritidstilbod, eller eit hav av spennande valmoglegheiter og menneske? Dette er nokre gjengse stereotypiar om bygda og byen. På bygda er det rett nok vakker natur og frisk luft, men elles ganske kjedeleg. I byen får du astma og øyresus, men kan gjere akkurat som du vil. Men verkelegheita er kanskje litt meir samansett enn dette? Kva for reelle fordelar og ulemper har bygde- og bylivet?

Sitat-innleiing

“Hvorfor må jeg stadig forklare og forsvare hvorfor vi flytta fra byen? Hva er det som gjør dette valget mer vågalt enn å bli boende i byen, eller midt i mellom?” Dette spørsmålet stiller Inga Gudrun Hyrve i magasinet Harvest. Ho har tatt eit val som går på tvers av det folk flest gjer i dag: Ho har flytta frå byen til landet. Statistikken viser nemleg at det motsette er tendensen: Dei fleste flyttar bort frå bygda. Men er det verkeleg best å bu i byar og tettstadar, eller lever ein det gode livet helst på landet?

Fasit

Den informative innleiinga

Den informative innleiinga skal vere sakleg og setje problemstillinga inn i ein større kontekst (samanheng). I innleiinga under har skrivaren til dømes valt det historiske perspektivet.

Ho startar heilt generelt: med historisk kontekst. Så snevrar ho noko inn: situasjonen i dag. Til slutt ei siste innsnevring når ho presenterer problemstillinga.

Innleiing med provoserande spørsmål

Ein fin måte å vekke merksemda til lesaren på, er å stille nokre provoserande spørsmål om emnet du skal skrive om. I innleiinga under har skrivaren brukt nokre stereotypiar om bygda og byen og sett dei opp mot kvarandre som kontrastar.

Ho startar generelt med typiske fordommar. Så snevrar ho noko inn med nyansering. Til slutt ei siste innsnevring når ho presenterer problemstillinga.

Sitat-innleiinga

Også sitat kan vere gode merksemdfangarar og gi ein peikepinn om innhaldet i teksten. Finn eit sitat som du synest får fram nokre interessante sider ved det du skal skrive om.

Ho startar med sitat som tematiserer problemstillinga. Så snevrar ho noko inn ved å kome inn på temaet for teksten. Ho avsluttar med ei innsnevring når ho presenterer problemstillinga.

Del 4: Skriv innleiing

  1. Skriv ei innleiing til ein fagartikkel om "ungdom og press". Bruk tipsa du har lært i del 2 og 3.
  2. Saml dykk i firargrupper og les innleiingane høgt for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding om kva som fungerer, og tips om kva som kunne vore betre.

Kjelde

Hyrve, I.G. (13.03.2014). "Å velge landet framfor byen" i nettmagasinet Harvest. Henta frå https://www.harvestmagazine.no/artikkel/hvor-skal-vi-bo-i-byen-eller-pa-landet.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 08.10.2025