Førskriving fagartikkel
Før problemstillinga
Førskrivinga kjem vanlegvis etter idémyldringa og utforskingsfasen. Det er lurt å jobbe grundig med dei fasane før du set i gong med skrivinga.
Her skal du først øve deg på å strukturere teksten din og deretter å lage gode temasetningar.
Problemstillinga
Temaet du skal jobbe med er "Press blant ungdom". Dette er oppgåveordlyden:
Drøft problemstillinga: "Er det for mykje press på ungdom i dag?"
I media har det dei siste åra vore skrive mykje om den psykiske helsa til unge menneske. Somme har kalla dagens ungdommar for "Generasjon perfekt". Årsaka er at det kan verke som om mange tenåringar meiner dei må ha både "feilfri" kropp, gode karakterar, fine klede og ein perfekt fasade på sosiale medium.
Del 1: Organiser argumenta
Viss de har idémyldra og utforska problemstillinga, skal de vere godt førebudde til å setje i gang med skrivinga. Men det betyr ikkje at det berre er å kaste seg over hovuddelen. Dei beste tekstane blir til med god planlegging.
Jobb gjerne i treargrupper: Ordne alle argumenta de har om emnet i skjemaet under. Prioriter medan de ordnar: Set dei argumenta øvst som de oppfattar som dei mest tungtvegande, medan dei som verkar mindre viktig, kjem nedst.
Del 2: Temasetningar
Temasetninga er den første setninga i eit avsnitt. Ho viser kva avsnittet skal handle om og skal helst vere kort og presis.
Les til dømes temasetninga under. Forstår du kva avsnittet skal handle om etter at du har lese ho?
"Fordelen med å bu på landet er at her har ein moglegheit for friluftsliv."
Avsnittet skal handle om at ein fordel med å bu på landet, er kort veg til friluftslivet. Her kan du lese heile avsnittet med temasetninga først. Legg merke til at temasetninga er presis og får godt fram kva som er temaet for avsnittet:
Fordelen med å bu på landet er at her har ein moglegheit for friluftsliv. Medan byen er tett og trong, er landsbygda open og med ein natur som innbyr til turmoglegheiter. I motsetning til i byen, der ein kanskje må sitje timevis på bussen for å kome seg ut i marka, kan ein på landet berre gå ut utgangsdøra. Det blir sagt at naturen gir sjelefred. Så kanskje har ein meir sjelefred på bygda enn i byen? Kanskje er det derfor byen verkar stressande for folk som kjem på besøk hit? Og for dei som er interesserte i jakt og fiske, er landsbygda eit eldorado. Her er det berre å ta børsa på ryggen og vandre ut i øydemarka. Og medan byfolket må gå i kø på dei stiane dei har rundt byen sin, kan ein vere heilt i fred i rurale strøk.
Oppgåve
De skal no sjå på fem temasetningar og vurdere kva for nokre som er gode og kva for nokre som er dårlege.
Alle temasetningane skal vere førstesetninga i eit avsnitt som handlar om at ungdom opplever mykje karakterpress fordi dei må få gode karakterar for å kome inn på universitet og høgskular.
Bruk desse kriteria når de skal vurdere om det er gode temasetningar:
Forteller den hva avsnittet skal handle om?
Unngår den å bli for detaljert?
Har den objektivt språk?
Temasetningar
Både karakterpress, press rundt utsjånad – og sosiale medium er i ferd med å øydeleggje ungdomane våre.
Mange meiner det er blitt så vanskeleg å kome inn på til dømes veterinærstudiet med 5,9 i snitt, at det er heilt umogleg å oppnå utan å jobbe vettet av seg.
Eg trur den viktigaste årsaka til at folk har psykiske problem, er at dei jobbar for mykje på skulen.
I dag jobbar mange elevar veldig hardt på skulen.
Ei årsak til at ungdom opplever mykje press, er dei høge krava for å kome inn på høgare utdanning.
Del 3: Lag eigne temasetningar
Skriv ei temasetning til kvart av for- og motargumenta de har valt, og noter alle setningane i eit dokument. Samarbeid og finpuss setningane slik at dei blir verkeleg gode. Dette skal vere temasetningane i avsnitta i hovuddelen av teksten dykkar.
Tips
Når de skal lage ei temasetning, skriv gjerne først: Dette avsnittet skal handle om …, og fullfør setninga med eitt ord. Dette er eit nøkkelord, og det ordet bør vere med i temasetninga.
Det du har laga no, kan du sjå på som "skjelettet" til ein fagartikkel: Du har laga førstesetninga i seks avsnitt i hovuddelen din. No må du berre fylle ut dei seks avsnitta for å få ein ferdig hovuddel.
Vil du skrive ferdig fagartikkelen om press blant ungdom, ta vare på alle notat og gå vidare i arbeidsprosessen. Neste steg er å skrive hovuddelen.