Skap flyt mellom avsnitta

Bind saman avsnitta
Eit triks for å skape fin flyt i teksten din, er å binde saman avsnitta.
- Bruk førstesetninga i neste avsnitt til dette.
- Bruk gjerne setningskoplingar.
Eksempeltekst
Sjå korleis starten på avsnitt to blir brukt til å skape flyt mellom avsnitta:
Eit viktig argument for å bu i byen, er at her har ein tallause valmoglegheiter. Dette gjeld både fritidstilbod og menneske. I dei fleste byar er det nemleg slik at du kan kan velje og vrake i ulike hobbyar. Dersom du liker å danse ballett, besøkjer du den lokale danseskulen. Er du meir interessert i å spele saksofon, melder du deg inn i eit av korpsa i byen. På denne danseskulen og i korpset finn du likesinna, altså menneske som er interesserte i det same som deg. Men bur du på bygda er du kanskje den einaste guten du veit om som har ein draum om å bli ballettstjerne. Då kan det vere slik at nettopp denne kjensla kan få deg til å bli ganske einsam. På denne måten er byen det beste alternativet når du skal bestemme deg for kvar du vil bu.
På bygda, derimot, er ikkje valmoglegheitene like store som i byen. I staden må du tilpasse deg alle dei ulike menneska som finst der. Det underlege er at nettopp dette kan skape meir toleranse.
Temasetningar og markering av avstand
Temasetninga er den første setninga i eit avsnitt. Ho fortel kva avsnittet skal handle om, men temasetninga er òg viktig når du skal lage flyt mellom avsnitta. Måten du formulerer temasetningane på kan hjelpe deg til å framstille innhaldet i teksten din meir objektivt. Gjer oppgåva under for å lære meir om dette:
Del 1: Gode temasetningar?
Å drøfte elegant
Del 2: Sy saman temasetningane
Sy saman temasetningane under slik at det ikkje lenger verkar som om to ulike personar har skrive dei.
Målet er at de skal vise avstand til stoffet.
Diskuter med sidemannen og skriv ned forslaga dykkar.
Setningar
Skulen pressar norske ungdomar så mykje at dei bryt saman.
Norske ungdomar er for sytete og innser ikkje at skule og lekser er heilt nødvendig.
Utsjånad-fokuset er altfor stort og fører til dårleg psykisk helse.
Altfor mange norske ungdomar er overvektige og burde skjøne at trening er viktig.
Ungdom i dag har det vanskelegare enn nokosinne på grunn av sosiale medium.
Unge menneske som er fødde i det rikaste landet i verda, skjønar ikkje kor heldige dei er.
Jobb vidare med fagartikkelen
I oppgåve 2 og 3 kan du jobbe vidare med skriveoppgåva i læringsstien "Skriv ein fagartikkel". Har du ikkje arbeidd med oppgåva om ungdom og press, gjer du det same med ein annan fagartikkel du skriv på.
Del 3: Arbeid vidare
Arbeid vidare med teksten om ungdom og press. Skriv om alle temasetningane i hovuddelen din slik at du viser avstand til stoffet og skaper flyt mellom avsnitta.
Del 4: Skriv ferdig
Skriv ferdig hovuddelen i fagartikkelen din om ungdom og press. Bruk alle skrivetipsa du har lært om:
Avsnittsoppbygging | Flyt | Avstand til stoffet |
|---|---|---|
|
|
|
