Hopp til innhald

Fagstoff

Å skrive for å tenkje

Du skriv i dei fleste faga på skulen. Tankane dine blir synlege for verda når du skriv. Har du tenkt over at det å skrive òg kan vere eit verktøy som hjelper deg å tenkje betre?
Biletet viser ei som noterer i ei skrivebok.Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over/diskuter:

Psykologane Keith Oarley og Maja Dijic seier at pennen er ei maskin til å tenkje med. Kva trur du dei meiner med det?

Har du nokon gong kjent på at det kan vere tyngre å skrive om eit tema enn å snakke om det? Grunnar til det er at vi stiller strengare krav til skriftlege framstillingar enn til munnlege. Du må ta omsyn til reglar for grammatikk, syntaks og rettskriving når du skriv. Når du skriv på skulen, må du òg ta omsyn til både sjanger, språk og faget du skriv i.

Rammene for dei munnlege ytringane er mykje lausare. Når du snakkar, får ytringa støtte av både den direkte situasjonen dei er i (kontekst), og av tonefall, ansiktsmimikk og kroppsspråk.

Tenk over/diskuter:

Prøv å forklare vegen til næraste toalett frå der du sit, først munnleg, så skriftleg. Kva er forskjellen?

Å skrive hjelper deg å hugse og forstå

I mange situasjonar skriv vi for å dokumentere. Når du seier noko, forsvinn orda så snart lydbølgene døyr ut i lufta. Ofte er det læraren som treng at du dokumenterer kunnskap gjennom tekst, så mykje vurdering skjer gjennom skriftleg arbeid.

Men ein av hovudgrunnane til å skrive i dei fleste faga på skulen, er noko vi ikkje snakkar så mykje om. Det er nemleg slik at skriving gjer at du lærer faga betre. Forsking viser at å skrive om eit tema er ein av dei meir effektive teknikkane for både å hugse og forstå fagstoffet betre (Graham & Hebert, 2010).

Det er viktig å presisere at det ikkje hjelper å berre notere ned andre sine formuleringar, det er viktig at du bruker dine eigne ord. Då gjer du fagstoffet til ditt eige; du koplar det på eksisterande kunnskap og bruker omgrep som du sjølv forstår.

Å skrive hjelper deg å tenkje meir kompliserte tankar

Toppen av eit hovud foran ein vegg med tal. Foto.

Skriving lèt oss òg gjere meir avansert tankearbeid. Det er lett å sjå når du bruker matematikk som eit døme:

Matematikkproblem som er vanskelege å rekne ut i hovudet, kan du lett rekne ut når du får skrive tala ned. Du får eit overblikk over alle dei ulike operasjonane problemet består av. Då hjelper du minnet, som slepp å halde alle tala i hovudet. Du får òg brote dei ulike utrekningane ned i fleire ledd som du reknar ut mykje lettare, eitt ledd om gongen.

Når du skriv om eit fagleg emne, kan du på same måten få eit betre overblikk over det. Du slepp å halde all informasjonen i minnet, og du kan bryte det opp i undertema. Då kan du lettare sjå samanhengen mellom ulike sider ved temaet.

Det blir sagt at det er først når du kan forklare noko med eigne ord, at du kan noko. Derfor vil du ofte oppdage "hol" i kunnskapen din når du skal skrive ein tekst om eit emne utan å støtte deg på kjelder. Skriving kan altså både hjelpe deg til å forstå og til å avdekke det du ikkje forstår om eit tema.

Tenk over/diskuter:

Prøv å forklare korleis det å skrive hjelper deg å tenkje meir kompliserte tankar, først munnleg, så skriftleg. Kva er forskjellen?

"Ord føder ord"

Forfattar Helene Uri skriv dette om kva det å skrive gjer med tankeprosessane hennar:

Hvis jeg skulle ha brodert et banner med et slagord for skriving, iallfall for min skriving, så ville jeg ha sydd "Ord føder ord". For det er når jeg skriver, selve
skapingen skjer. Jeg skriver ikke ned tanker som jeg har tenkt ferdig; det jeg gjør, er å skrive ut halvtenkte tanker og derigjennom tvinges jeg til å tenke videre.
(Uri, 2020)

Synest du det kan vere vanskeleg å komme i gang med skrivinga? Då er det mykje som tyder på at det beste er å berre setje i gang. Som Uri seier, skrivinga tvingar deg til å tenkje vidare.

Å produsere og redigere tekst

Ein måte å tenkje om skriving på som kan vere nyttig, er at å skrive både inneber å produsere og å redigere tekst. Nokon gonger produserer du lett og får ned mykje tekst. Fordelen med dette er at sjølve skrivinga hjelper tankeprosessen din igang.

På den andre sida har du skrivarar som redigerer samtidig med, eller til og med før, dei skriv. Fordelen med dette er at det du skriv ned, ofte ikkje treng mykje bearbeiding etterpå. Men ulempa er at du kanskje ikkje får skrive så mykje. Då kan det vere lurt å berre setje i gang med skrivinga, utan å tenkje så mykje på kva du skriv, eller korleis du skriv det.

Du må hugse på redigerings-delen av skrivinga, men det kan altså vere lurt å spare dette til etterpå.

Tenkeskriving

Dette er ein teknikk som du kan bruke for å komme igang med både skrive- og tankeprosessar. Det kan òg brukast til å visualisere alt du har lært i ein periode. Å tenkeskrive om eit tema kan òg brukast som utgangspunkt for vidare bearbeiding til t.d. ein fagartikkel.

Meininga med denne teknikken er at du koplar frå det kritiske blikket ditt på det du skriv. Då er det lett å berre produsere tekst.

Reglane for tenkeskriving er slik:

  • Du må skrive samanhengande i eit bestemt tidsrom, fem minutt, til dømes.
  • Viss du ikkje kjem på noko å skrive, er det viktig at du ikkje stoppar opp. Då kan du gjenta eit ord, eller skrive at du ikkje kjem på noko å skrive.
  • Tenk at ingen andre enn du skal lese det du skriv.
  • Ikkje les det du skriv medan du skriv det.
  • Ikkje slett eller stryk ut noko undervegs.

Etterpå kan du sjølvsagt lese det du har skrive. Kanskje du ser noko du kan ta utgangspunkt i, eller kanskje den eine tanken har ført til den andre. Som oftast vil du bli overraska over kor lett det er å fylle ei side med tekst når du jobbar på denne måten.

Forfattar Anders Bortne fortel om å skrive i denne videoen. Kjenner du igjen noko av det du har lese om å skrive i skildringane hans?


Kjelder:

Dysthe, O., Hertzberg, F., & Hoel, L. T. (2000). Skrive for å lære: skriving i høyere utdanning. Oslo: Abstrakt forlag.

Graham, S., and Hebert, M. A. (2010). Writing to read: Evidence for how writing can improve reading. A Carnegie Corporation Time to Act Report. Washington, DC: Alliance for Excellent Education.

Moi, T. (2013). Å skrive er å tenke. Dagens Næringsliv, 50-51.

Mueller, P. A., and Oppenheimer, D. M. (2014). The fin is mightier than the keyboard: advantages of longhand over berbar pc note taking. Psychol. Sci. 25, 1159–1168. doi: 10.1177/0956797614524581

Pettersen, V. A. (2017, 5 12). Håndskrift åpner for bedre læring. Henta frå Utdanningsforskning.no: https://utdanningsforskning.no/artikler/handskrift-apner-for-bedre-laring/

Skrivesenteret. (2021). Tenkeskriving i barneskolen. Henta frå Skrivesenteret.no: https://skrivesenteret.no/ressurs/tenkeskriving-i-barneskolen/

Uri, H. (2020). Jeg håndhilser før jeg penetrerer. Nordic Journal of Art and Research, 9(1). https://doi.org/10.7577/information.3783

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Marthe Moe.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022

Læringsressursar

Læringsstrategiar