Hopp til innhald

Fagstoff

Pugg!

Det er mange gode grunnar til å hugse ting utanåt, eller pugge som vi gjerne kallar det på skulen. Kunnskapen som sit lagra i hovudet ditt, kan du hente fram når du treng han, utan å måtte ty til Internett. Her får du nokre puggetips!
Mann med klistrelapp med spørjeteikn i panna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over:

  • Kva ting kan du "på pugg"? Del det gjerne med ein medelev. Kanskje har mange i klassen pugga dei same tinga på skulen?
  • Kva meiner du er lurt å kunne utanåt? Kvifor?

Repetisjon og automatisering

Hugsar du korleis du lærte å sykle? Gong på gong sette du deg opp på sykkelen, gjekk i bakken og reiste deg igjen. Plutseleg fekk du det til! I starten var du ikkje heilt trygg, men etter kvart sykla du utan å tenkje over at du måtte styre og tråkke samtidig. Du hadde automatisert ferdigheitene du trengte for å sykle. Det igjen gjorde at du kunne klare å gjere andre ting i tillegg, som å plystre ein melodi eller snakke med kompisen din mens du tråkka og styrte. Den same prosessen skal du igjennom viss du vil lære deg å køyre bil – du skal øve så mykje at det nærast går av seg sjølv.

Pugging liknar på mange måtar det å lære seg ei ferdigheit som å sykle – du øver og gjentek noko til du hugsar det så godt, at svaret kjem automatisk når nokon spør deg. Det er ganske vanleg at vi lærer å pugge gloser, matematiske formlar og skrivereglar på skulen. Det betyr at du ikkje treng å tenkje så mykje over til dømes kommareglane når du skriv, men kan fokusere på andre sider av skrivinga. Då er det lettare å skrive godt.

Mange lærer seg også historiske årstal utanåt. Nokre årstal forventar vi at alle i Noreg kjenner til, som 1814 og Grunnlova. Fordelen med å kunne historiske årstal, er at du slepp å bruke tid på å leite opp kva som skjedde når. Årstala blir igjen "hugseknaggar" du kan knyte kunnskap til. Prøv berre å sjå kor mykje du kan hengje på av kunnskap på årstalet 1814!

Hugsestrategiar

Å øve og pugge er tidkrevjande, og kanskje synest du det er ganske slitsamt? Du slepp nok ikkje unna arbeidet, men du kan lære deg nokre metodar som hjelper deg til å hugse. Test ut og finn dei metodane som du synest fungerer best for deg.

Følg ein mental sti

Sjå for deg at du går ein tur du kjenner godt, som vegen til skulen eller ein sti i skogen. Langs vegen plasserer du det du skal hugse: eitt ord ved den første lyktestolpen, eit anna ved busstoppet, det tredje ved den store bjørka osb. Prøv å sjå føre deg at ordet fysisk heng eller ligg på den staden. Når du skal hente fram orda du skal hugse, går du langs den same stien igjen.

Denne metoden krev nok at du har fleire slike stiar du kan sjå føre deg: ein sti for kvart tema du skal lære. Ein variant av metoden er at du beveger deg i eit hus, og at du puttar det du skal hugse inni dei forskjellege romma. Poenget er at du plasserer det du skal lære i eit fysisk rom. Her har du mange moglegheiter!

Knyt det du skal lære til noko du kjenner til frå før

Du hugsar lettare om du kan assosiere noko med det du skal lære. Skal du lære deg årstal utanåt, kan du knyte det til tal som gir meining for deg, som fødseldatoar, gatenummer eller telefonnummer du allereie kan.

Skal du lære deg namn, er det lurt å knyte namnet til ytre kjenneteikn, som hår, fjes eller klesstil, eller anna som gir deg assosiasjonar. Kanskje minner personane eller namnet deg om nokon du kjenner.

Prøv deg på dette fiktive namnet Siv Langjord:

Når du helsar på ho, ser du at ho har langt, lyst hår og er ganske tynn og høg. Skoa hennar er brune.

Korleis kan du knyte utsjånaden til namnet hennar for å hugse det?

Bruk song, reglar og lyd

Nokon synest det er enklare å hugse viss dei kan bruke reglar, songar eller ord som er sette saman av bokstavar som betyr noko. Kanskje veit du kva det konstruerte ordet roggbif skal hjelpe deg å hugse?

Musikar og låtskrivar Øystein Sunde har hjulpe mange å hugse den tyske preposisjonsregla «an, auf, hinter, in, neben, über, unter, vor, zwischen», fordi han syng regla i kvart refreng av songen "Tyskleksa".

Nokre hugsereglar
  • Fjordane i Finnmark frå aust til vest: Vargen Tek Laksen i Porsanger Alltid (Varangerfjord, Tanafjorden, Laksefjorden, Porsangen og Altafjorden)
  • Den periodiske tabellen: hå-he-li-be-bokk-nof-ne nam-gal-sips-klar-kå-ka-ska-ti va-kro-man-fe-ko-ni-ku zn-gageasse-brokr
  • Fargane i regnbogen: Raud Orange Gul Grøn BIndigo Fiolett (ROGGBIF)
  • Førstehjelp: Bevisstheit Luftvegar Andedrag Sirkulasjon (BLAS)

Du kan altså lage deg ord av forbokstavar i ord eller syngje det du skal hugse. Uansett kva for metode du bruker, vil det hjelpe at du snakkar høgt med deg sjølv mens du bruker metodane.

Kva for hugsereglar kan du? Kva hugsereglar kan venene og familiemedlemma dine? Skriv dei opp.

Hjernegymnastikk er bra: Lær deg minst éi ny regle! Gjenta høgt for deg sjølv til ho sit.

Andre visuelle strategiar

  • Heng opp lappar med det du skal hugse på spegelen eller ein stad du ofte går forbi.
  • Lag tankekart og andre oversikter der du bruker symbol, teikningar og fargar.
CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2020

Læringsressursar

Læringsstrategiar