Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sjå samanhengar og gå i djupna

Når du kan gi att med eigne ord noko du har lese, sett eller høyrt , kan vi seie at du har lært det. Neste steg er å bruke det du har lært i nye samanhengar, analysere, løyse problem og reflektere over eiga læring.
Hand som legg puslespillbitar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan bruke ulike strategiar til å lære betre når du les, lyttar og ser tekstar. Det er viktig at du er aktiv når du skal lære, at du overvaker eiga forståing og skriv ned det du har lært med eigne ord. Vi skal no sjå på strategiar som hjelper deg til å gå i djupna på et tema.

Gå i djupna

Djupnelæring er når du

  • gradvis utviklar forståinga di av omgrep og samanhengar innanfor eit fagområde.
  • forstår tema og problemstillingar som går på tvers av fag- eller kunnskapsområde.
  • brukar evna di til å analysere, løyse problem og reflektere over eiga læring.
  • kan bruke det du har lært i nye samanhengar.

Dette betyr at du i tillegg til å forstå eit fag og fagomgrepa der, skal forstå korleis det du lærer er relevant i fleire fag. Vi skal sjå på nokre strategiar som hjelper deg til dette.

Refleksjonslogg

Hjernen din jobbar aktivt heile tida mens du les, lyttar og ser. Dei fleste tankane som dukkar opp då, er relevante for det du lærer. Det kan vere alt frå spørsmål til det du les, motførestillingar og assosiasjonar, til at du får eigne idear.

Du trener refleksjon og får ei djupare forståing viss du er merksam på tankeprosessane dine. Skriv ned tankane i det dei dukkar opp. Det er stor risiko for at du gløymer dei viss du ikkje gjer det. Bruk notata til å finne svar på det du lurer på, til å diskutere med ein medelev kva dei har tenkt, og til å kople det til andre tekstar du kjenner innanfor same tema.

Du trener deg i å leggje merke til eigne tankar ved å lage setningar som startar slik:

  • Eg lurer på kvifor…
  • Dette minner meg om…
  • Eg blir irritert over…
  • Eg er einig i…
  • Eg er ueinig i…
  • Eg forstår ikkje…
  • Eg har lyst til å finne ut av...

Prøv deg no: Fullfør setningane over med det du har lese til no om emnet læringsstrategiar. Det er ikkje sikkert du klarer å fylle ut alle, men prøv.

Del svara dine med ein eller fleire medelevar. Har de noko felles de lurer på eller vil finne ut av? Bruk fem minutt på å prøve å finne svaret.

Omgreps-logg

Alle fag har fagomgrep. Vi brukar fagomgrep for å uttrykke oss presist og vise fagleg forståing. Det å lære seg omgrepa og bruke dei korrekt, kan vere krevjande. Skal du få fagomgrep "under huda", må du jobbe systematisk med forståinga. Eit godt verktøy for dette er omgreps-loggen.

I ein omgreps-logg legg du inn fagomgrep du møter. Det er ikkje nok å skrive inn omgrepet og definisjonen i ein slik logg. I tillegg bør du forklare omgrepet med eigne ord, og du bør bruke eit konkret døme som er relevant for deg. Då er det lettare å hugse og forstå.

For nokon hjelper det å leggje inn eit bilete som illustrerer omgrepet i loggen. Har du eit anna morsmål enn teksten du les, kan det hjelpe å skrive ei forklaring på ditt eige språk i tillegg. Be gjerne læraren din om hjelp viss du er usikker på om du har forklart eit omgrep rett.

Her ser du korleis ein slik logg kan sjå ut. Du kan leggje til og fjerne kolonnar, men det er viktig å halde på dei tre første:

OMgrep

Definisjon m/kJElde

Mi forklaring m/DØME

Bilete og/eller døme

Relevant i fag

Annotering

Annotasjon betyr notat eller merknad .(snl.no)

Eg annoterer når eg markerer og kommenterer i ein digital tekst

Alle

Venn-diagram

Å samanlikne omgrep, fenomen, hendingar og så vidare, hjelper deg å sjå samanhengar. Du kan samanlikne emne i mange fag, som krig før og no, syrer og basar, kollektiv og individ, eller to religionar.

Du kan stille opp ei samanlikning på fleire måtar, men ein nyttig reiskap er Venn-diagrammet. Der set du det som er særeige for eit fenomen i ein sirkel, og det andre fenomenet i den andre sirkelen. I feltet i midten, der sirklane overlappar, skriv du det som fenomena har til felles. Sjå døme på bruk på bilete 2 i presentasjonen under:

Tankekart

I eit tankekart skriv du emnet du skal arbeide med i ein sirkel eller ei "boble". Så byggjer du ut med undertema i nye bobler ut frå denne. Tankekartet kan hjelpe deg til å sjå samanhengar som ikkje er like lett å få fram i ei liste. Bruk gjerne også piler, fargar, symbol og bilete som hjelper deg å hugse. Under ser du døme på eit enkelt tankekart. I bilete 2 har vi sett inn eit emne og bygt ut litt:

Mange føretrekkjer tankekart på papir, og kanskje spesielt når dei skal bruke det til å skrive ned eigne tankar om eit emne. Viss du vil jobbe systematisk med eit tankekart, kan det vere lurt å bruke eit av dei digitale tankekarta som finst.

Det er mange bruksområde for t tankekart. Du kan til dømes bruke eit tankekart til å skrive ned forkunnskapen din om eit emne, og så fyller du på med stikkord etterkvart som du lærer meir. Tankekartet blir då ei oversikt over alt du har lært om emnet.

Du kan også lage eit strukturert tankekart der du set inn titlar og undertitlar frå tekstar du les i boblene. Så fyller du inn kva tekstane handlar om, skrive med eigne ord, gjerne som stikkord. Eit slikt strukturert tankekart kan du bruke som disposisjon når du skal skrive ein artikkel eller halde eit føredrag. Det kan hjelpe deg til å lausrive deg frå kjeldene, og du får ei friare og meir sjølvstendig framstilling av temaet.

Pro et contra-skjema

Å vurdere for og imot er nyttig i mange samanhengar. I skuleoppgåver skal du ofte drøfte eit tema. Ved å sortere argument på denne måten, kan det hjelpe deg å sjå ei sak frå fleire sider. Du kan også bruke eit slikt skjema for å sortere argument du finn i ein tekst du skal analysere.

Problemstilling:

Bør skulen kutte lekser?

Argument

Pro (for)

Contra (mot)

Ungdom treng meir tid til andre fritidsaktivitetar

Det er viktig å repetere og øve på det du har lært på eiga hand.

Digitale notatverktøy

Digitale notatblokker som OneNote og Evernote hjelper deg å halde orden på notata dine og samle det du har arbeidd med på ein stad. Legg inn notat, bilete, tabellar, omgrepslogg, videoar, lenker, pdf-filer og anna innhald i fagfaner.

Det er lett å finne att notat ved å bruke søkefunksjonen i dei digitale notatblokkene. Han leitar opp alt du har lagt inn i notatblokka, også innhald som ligg i pdf-filer.

Notatblokkene er skybaserte, som betyr at du har tilgang til dei frå både PC, mobil og nettbrett, så lenge du er kopla til internett. Endringar du gjer blir automatisk lagra i skya.

Ein annan fordel ved dei digitale notatblokkene er at dei er lette å dele. Du kan samarbeide om tekst, få tilbakemeldingar og dele innhald med både lærarar og medelevar (Hagelia, 2017).

Samarbeid om læring

Når du samarbeider med andre, blir du heile tida utfordra til å snakke eller skrive om eit emne. Slik får du sjekka kva du har forstått og ikkje forstått. Du møter også andre sine tankar, meiningar og spørsmål. Det hjelper deg til å sjå ei sak frå fleire sider og få ny og djupare forståing.

Dei digitale notatblokkene er nyttige verktøy for samarbeid. Det er også lett å samarbeide i andre digitale verktøy, som i eit digitalt tankekart, Google dokument og Typewith.me.

Prøv deg no: Ytringsfridom og demokrati er to viktige omgrep som er relevante i fleire fag. Oppdraget ditt no er å finne ut i kva for fag og på kva slags måte.

  1. Les punkta under overskrifta "Gå i djupna" på nytt.
  2. Lag så ein plan der du beskriv kva for strategiar i denne artikkelen du vil bruke for å gå i djupna på dei to omgrepa.
  3. Gjennomfør planen aleine eller saman med nokre medelevar.
  4. Presenter det du/de har kome fram til for medelevar.
  5. Tenk over til slutt: Har du fått ei ny og djupare forståing av dei to omgrepa ytringsfridom og demokrati no? Grunngi svaret ditt.

Kjelder

Hagelia, Marianne (2017). Digital studieteknikk. Hvordan lære i informasjonssamfunnet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2019

Læringsressursar

Læringsstrategiar