Hopp til innhald

Fagstoff

Lær ved å lytte og sjå

Du møter fleire teksttypar i skulekvardagen din. Ofte les du ein skriftleg tekst, men du lyttar óg til læraren si undervisning eller ser ein film. Kva for læringsstrategiar bruker du på slike tekstar?
Gut med hovudtelefonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lyttestrategiar

Mange forbind læringsstrategiar med det å lese trykte tekstar. Men å lære frå munnlege tekstar, som ei førelesing eller ein podcast, krev også gode strategiar. Hovudprinsippet er det same som når du les: Du må overvake kva du forstår og ikkje forstår.

Det er også viktig at du er aktiv når du lyttar. Du vil antakeleg ikkje klare å notere ned alt som blir sagt, og det er heller ikkje viktig. Skriv ned stikkord og eigne tankar og assosiasjonar, samt spørsmål du vil finne svar på.

Ein podcast kan du stoppe, og du kan høyre han fleire gongar. Dukkar det opp spørsmål undervegs, kan du finne svaret i andre kjelder, anten med det same eller etter at du har høyrt ferdig teksten.

Det er litt vanskelegare å stoppe ei førelesing, men du kan rekkje opp handa og spørje læraren viss du lurar på noko. Det er læraren sitt ansvar å forklare godt, men det er ditt ansvar å seie frå om det er noko du ikkje forstår. Læraren er ikkje tankelesar. Viss du synes det er vanskeleg å spørje når alle høyrer på, skriv du ned spørsmåla undervegs og snakkar med læraren i etterkant.

Tenk over: Viss du lurar på noko, er det ganske sannsynleg at andre lurar på det same. Kva er grunnen til at du kanskje let vere å rekkje opp handa i timane når du har spørsmål?

Strategiar for audiovisuelle tekstar

Mange opplever at det er enklare å lære når noko blir fortalt og vist samtidig. Det finst mange ulike typar filmar du kan lære frå. Du har sikkert sett instruksjonsvideoar på YouTube når det er noko du har lurt på korleis du skal gjere. Slik filmar er korte og tek for seg eit tema på ein enkel måte. Du kan sjå dei fleire gongar, om det trengst.

Andre filmar er lengre og meir informasjonstette. Desse krev meir av deg. I hovudsak kan du bruke dei same strategiane for å lære av film som når du skal gå i djupna på ein tekst. Stans filmen undervegs, noter stikkord, eigne tankar og spørsmål du har, både til det som blir sagt og til det bileta viser. Til slutt kan du sjå gjennom heile filmen utan stans for å repetere.

Det siste steget er å ta tak i spørsmåla du har notert ned. Svara kan du finne ved å diskutere med ein medelev, spørje ein lærar eller finne ein annan tekst om det same emnet.

Kort summert opp

  • Ver aktiv når du lyttar eller ser på video.
  • Stopp lyden eller videoen undervegs.
  • Skriv ned stikkord medan du lyttar/ser, eller når du stoppar lyden/videoen.
  • Spol gjerne tilbake for å sjå eller høyre noko fleire gonger.
  • Skriv óg ned det du lurer på eller ikkje forstår, så kan du finne svar i etterkant.
  • Snakk eller skriv om det du har høyrt og sett.
CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2020

Læringsressursar

Læringsstrategiar