Hopp til innhald

Fagstoff

Italienske tomatar kan vere redninga

Er du ein av dei som synest du somlar bort tida di når du gjer skulearbeid? Skulearbeidet tek lengre tid enn nødvendig, du har problem med å komme i gang, og sosiale medium forstyrrar deg heile tida. Viss du kjenner deg igjen i dette, kan du ha nytte av å prøve pomodoro-teknikken.
En eggeklokke i form av en tomat. Foto.

Pomodoro-teknikken

Teknikken går ut på at du bryt ned ulike oppgåver i mindre delar som eignar seg til arbeidsøkter, kalla pomodoro, med korte pausar i mellom.

Pomodoro-teknikken byggjer på eit vitskapleg grunnlag. Det viser seg at hjernen din berre kan konsentrere seg i gjennomsnitt i 25 minutt. Deretter mistar du konsentrasjonen, og du lèt deg lettare bli distrahert. Derfor er ein fem minutts pause etter ei økt på 25 minutt viktig. Hjernen din får den kvilen han treng, du blir meir kreativ, og kanskje får du nye idear eller nye perspektiv til det du jobbar med.

Det er viktig at du lagar ein plan for det arbeidet du skal gjennomføre. Denne planen bør vere ei liste over oppgåvene du må gjennomføre.

Fem steg

Desse fem stega kan vere lure å følgje:

  1. Vel oppgåve som du vil jobbe med.
  2. Sett tidsuret ditt på 25 minutt.
  3. Jobb med oppgåva di heilt til tidsuret ringer. Unngå alle moglege forstyrringar.
  4. Ta ein pause på fem minutt. Forlat pulten din, slapp av ved å gå deg ein tur, ta ein kopp kaffi o.l.
  5. Etter fire økter på 25 minutt (fire pomodori) tek du ein lengre pause på 30 minutt. Ein slik lang pause gir hjernen din tid til å omarbeide ny kunnskap og førebu deg til neste arbeidsøkt (pomodoro).

Ulike tidsur

Det finst mange ulike tidsur du kan bruke. Her er nokre forslag:

  • kjøkkenklokke med form som ein tomat
  • tidsuret på mobilen din
  • eigne pomodoro-verktøy som kan lastast ned på datamaskina di, til dømes Pomodairo
  • tidsur på nettsider – Tomatotimer eller Pomofocus

Lykke til!

Relatert innhald

Kjelder

Wikipedia (2020). Pomodoro-teknikken. Henta frå https://no.wikipedia.org/wiki/pomodoro-teknikken

Utforsksinnet (2017). Pomodoro-teknikken: En fantastisk metode for å disponere tiden din. Henta frå https://utforsksinnet.no/pomodoro-teknikken-en-fantastisk-metode-disponere-tiden-din/

Ledernytt (2020). Bli mer effektiv med Pomodoroteknikken. Henta frå https://www.ledernytt.no/bli-mer-effektiv-med-pomodoroteknikken.6179731-112537.html

Frøyland, A. (2020). Hold fokus hjemme med Pomodoro-teknikken. Henta frå https://www.enkeleksamen.no/hold-fokus-hjemme-med-pomodoro-teknikken/

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2020

Læringsressursar

Læringsstrategiar