Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Test deg sjølv

Kva kan du om læring og læringsstrategiar no? Test deg sjølv.

Oppgåve 1

Oppgåve 2

Forklar fordelane med desse ulike læringsstrategiane til ein medelev:

  • tankekart
  • Venn-diagram
  • omgrepskart
  • refleksjonslogg

Oppgåve 3

Ein venn av deg skal ha ein stor prøve i naturfag. Læraren har lagt ut lenkjer til fleire ressursar, og ho skal i tillegg halde ei repetisjonsførelesing før prøven. Kva for råd vil du gi til vennen din? Skriv ned minst tre konkrete råd om korleis han best kan lære frå desse teksttypane:

  • videoar
  • førelesing
  • nettartikkel
  • podcast

Oppgåve 4

Svar på spørsmåla:

  • Kva for læringsstrategiar kjende du til frå før?
  • Var det noko i læringsstien "Lær deg å lære" som var nytt for deg?
  • Kjem du til å endre måten du lærer deg noko nytt på? Grunngi svaret ditt.
CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2019

Læringsressursar

Læringsstrategiar