Hopp til innhald

Fagstoff

Lær deg å lære

Korleis går du fram når du skal lære deg noko nytt? Det er forskjell på å lære seg ei ferdigheit som det å hoppe høgt og det å lære om andre verdskrig, altså tileigne seg kunnskap. Det som er likt, er at all læring er hardt arbeid og tek tid.
Ikkje minst gjeld det å lære gjennom å lese.
Forstørringsglas over tekst. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis går du fram når du skal lære deg noko nytt? Det er ikkje sikkert du svarer det same som medelevane dine, eller at svaret ditt er likt i alle situasjonar. Det er forskjell på å lære seg ei ferdigheit som det å hoppe høgt, og det å lære om andre verdskrig, altså tileigne seg kunnskap. Det som er likt, er at all læring er hardt arbeid og tek tid.

Kanskje har du høyrt at det tek 10 000 timar å bli skikkeleg flink til noko? Det er eit tal som gjerne blir nemnt i samband med praktiske ferdigheiter. Det seier seg sjølv at du ikkje kan bruke like mange timar på alt du skal lære på skulen. Du må finne deg nokre strategiar som gjer at du lærer effektivt frå undervisinga og læremidla du brukar.

Kva gjer at nokon blir flinkare enn andre?

Alle har ein strategi for korleis dei skal lære seg noko frå ein tekst, anten det er ein skriftleg, munnleg eller samansett tekst. Men, det er ikkje alle strategiane som er like gode. Viss du til dømes les ei side ti gonger og du framleis ikkje kan fortelje att hovudpoenga i teksten, har du brukt mykje tid, men lært lite.

Dei som “lærer lett” er ikkje nødvendigvis meir intelligente enn gjennomsnittet, men dei har funne strategiar som fungerer godt for dei. Den gode nyheita er at strategiar kan lærast. Er du klar for å lære korleis du kan lære?

Tenk over: Kor motivert er du for å lære deg meir effektive måtar å lære på? Er du innstilt på å leggje ned arbeidet som krevst?

Kva slags strategiar er best?

Kva for læringsstrategiar det kan vere smart å bruke, kjem an på kva du skal lære og kvar du skal hente kunnskapen frå. Det er til dømes forskjell på lesestrategiar og lyttestrategiar. Det er likevel noko du bør øve på som gjeld alle formar for læring, og det er å leggje merke til når du forstår og når du ikkje forstår.

Har du opplevd at du har lest mykje til ein prøve, men så når prøven kjem, så hugsar du mykje mindre enn du trudde? Det som har skjedd då, er som regel at du ikkje har sjekka undervegs kva du har forstått og kva du ikkje har forstått. Vi skal sjå nærmare på nokre konkrete strategiar du kan bruke for å unngå å kome i slike situasjonar.

Tenk over: Kva for strategiar bruker du no for å sjekke at du kan det du har lese, høyrt eller sett?

Lesestrategiar

Så langt i livet har du lese fleire tusen sider med tekst. Nokre sider har du skumlese for å finne informasjon, andre sider har du lese grundigare for å forstå. Det er to ulike tilnærmingar til tekst.

Du skumles når du skal leite etter informasjon, som eit årstal, eit namn eller ei hending. Denne raske overflatelesinga er ein god måte å finne ut kva ein tekst handlar om, sile ut overflødig informasjon og finne fram til ei spesifikk opplysning.

Du les grundig når du arbeider med teksten og brukar ulike strategiar for å forstå det du les. Det kan til dømes vere å notere ned stikkord eller streke under det du meiner er viktig. Desse 10 punkta vil hjelpe deg til å forstå og hugse det du les:

  1. Start med å få eit overblikk over kva teksten handlar om. Les titlar, sjå på bilete og bilettekstar.
  2. Tenk over kva du veit om emnet frå før. Skriv gjerne stikkord.
  3. Legg inn ein lesestopp før kvar ny overskrift.
  4. Ved kvar lesestopp tek du blikket vekk frå teksten og formulerer innhaldet i det du har lese med eigne ord. Det er ikkje så viktig her at du hugsar detaljar.
  5. Bruk gjerne eit tankekart til å notere i. Lag ei boble til kvar overskrift i teksten du les, og skriv med eigne ord ut frå desse.
  6. Skriv også ned spørsmål du har til innhaldet, noko du lurer på og som du får lyst til å finne ut av.
  7. Viss du ikkje klarer å gi att hovudinnhaldet i avsnittet du har lest, bør du lese det om att.
  8. Bruk tid på å finne forklaringar på vanskelege ord og dårlege forklaringar. Du kan til dømes sjekke ei ordbok, eit leksikon eller spørje læraren.
  9. Avslutt med å lese gjennom heile teksten i eitt. Deretter les du gjennom notata dine. Har du fått med deg det viktigaste?
  10. Heilt til slutt: Bruk tankekartet eller notata dine som utgangspunkt for å fortelje att innhaldet med eigne ord, gjerne til ein medelev. Du kan også skrive ein kort tekst som summerer opp innhaldet. Dette siste arbeidet er kanskje det viktigaste du gjer for å hugse det du har lese.

Det er først når du har forstått noko at du klarer å forklare det med eigne ord. Det får du testa ut ved denne framgangsmåten. Å lese slik tek tid og er arbeidskrevjande. Løna er at du sannsynlegvis har lært meir og brukt tida di meir effektivt.

Test ut metoden på ein tekst

Vel deg ein tekst du vil bruke dei ti punkta på. Eit godt tips er å velje deg ein fagtekst om eit emne du skal lære om på skulen denne eller neste veke. Bruk læreboka di, eller søk opp ein fagartikkel om emnet på NDLA.

Følg dei ti trinna som er beskrivne over. Hugs å ha noko å notere på undervegs. Du vel sjølv om du vil bruke eit tankekart eller skrive punkt, og om du vil notere i ei kladdebok eller i eit digitalt dokument.

Tenk over: Korleis var det å bruke denne metoden for å lese tekst? Var det noko du syntes var utfordrande?

Les fleire tekstar om same emne

I dei fleste emne du har på skulen vil du kunne finne mange ulike tekstar som handlar om det same. Det er gjerne tekster beregnet på ei anna aldersgruppe enn di, slik at dei forklarer emnet enklare eller vanskelegare enn til dømes læreboka eller fagartikkelen på NDLA.

I dei fleste samanhengar er det nyttig å lese fleire tekstar som tek for seg same tema. Tekstane kan forklare litt ulikt, bruke andre døme og gå meir eller mindre i djupna på temaet. Nokre gonger er det fint å lese ein forenkla tekst først, for så å bryne seg på litt meir kompliserte tekstar. Du trenger ikkje lese alle desse tekstane like grundig, men du bør velje deg ut éin av tekstane som du les grundig slik vi har beskrive her.


CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 06.02.2019

Læringsressursar

Læringsstrategiar