Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis jobbe saman i grupper?

Gruppearbeid kan vere ein effektiv måte å lære på. Få tips til korleis du og dei andre elevane i klassen kan jobbe saman i grupper. Diskuter kva de kan gjere for å få gruppearbeidet til å fungere på ein god måte.

Oppgåve

Del 1: Før du ser filmen

  1. Kva for positive erfaringar har du med gruppearbeid?

  2. Kva meiner du må til for at eit gruppearbeid skal fungere? Skriv ned det du meiner er dei tre viktigaste faktorane.

Del 2: Sjå filmen

  1. Kva seier filmen om fordelane med gruppearbeid?

  2. Kva tre typar samtalar fortel eksperten om?

  3. Kva skal til for at de får til dei gode, utforskande samtalane som fører til auka læring?

  4. Kva kan vere dei største utfordringane med gruppearbeid?

  5. Les gjennom tipsa til gruppearbeid i boksen under. Kva for to tips trur du er viktigast for å få til eit godt gruppearbeid? Grunngi svaret.

Tips til gruppearbeid

Her er nokre tips til kva som kan bidra til at gruppa fungerer meir effektivt:

  • ei klar rollefordeling – til dømes ein leiar, ein sekretær, ein fagspesialist og så vidare

  • eit sett felles reglar gruppa har blitt einige om

  • eit klart, konkret og felles mål

  • ein leiar som oppmuntrar og instruerer i staden for å dirigere

  • ei klar oppgavfordeling

  • ein klar tidsplan

  • god kommunikasjon internt i gruppa

  • eit bra miljø der alle støttar kvarandre og bidreg konstruktivt

  • tett oppfølging frå læraren

Del 3: Lag reglane i klassen for gruppearbeid

I grupper:

  1. Kva hadde de notert i del 1, før de såg filmen? Del med kvarandre utan å diskutere.

  2. Oppsummer det som blir sagt i filmen. Kva er dei viktigaste råda filmen gir om gruppearbeid?

  3. Bruk innspelet til gruppemedlemmane og det som blir sagt i filmen som utgangspunkt. Diskuter dykk fram til det de meiner er dei fem viktigaste reglane for gruppearbeid. Formuler reglane positivt, slik at dei seier kva de skal gjere. Unngå reglar som seier kva de ikkje skal gjere. Del med dei andre i klassen.

  4. Bli einige om eit sett med reglar som skal bli reglane i klassen for gruppearbeid.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2021

Læringsressursar

Læringsstrategiar