Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er gode arbeidsvanar?

Somme av oss får tid til både skulearbeid, trening og vener, mens andre synest tida aldri strekk til. Lær meir om korleis gode arbeidsvanar kan hjelpe deg til å lykkast betre med læring.

Oppgåve

Del 1: Før du ser filmen

  1. Kva forbind du med ordet arbeidsvanar?

  2. Kvifor er det viktig med gode arbeidsvanar?

Del 2: Sjå filmen

  1. I starten seier eksperten at det er viktig å vere på skulen for å lære, ikkje berre for å vere. Kva meiner ho med det?

  2. Viktige stikkord i filmen er orden, delmål og kvile. Kva råd gir eksperten? Skriv opp som stikkord.

  3. Kva er relasjonell forståing? Kvifor er det viktig for å lære noko skikkeleg?

  4. Kva er forskjellen på eit statisk og eit dynamisk tankesett? Kvifor er tankesettet viktig for læring, ifølgje eksperten?

Del 3: Diskuter i grupper

Start med å oppsummere i gruppe kva råd filmen gir.

  1. Kva råd kjende de til frå før? Kva var nytt?

  2. Kva andre råd vil de gi om arbeidsvanar? Det kan vere vanar du sjølv synest fungerer godt, eller vanar du har lese om.

  3. Kva meiner de er dei viktigaste råda? Diskuter dykk fram til ei liste med fem punkt der det viktigaste står øvst.

  4. Det er kanskje ikkje så vanskeleg å finne gode råd, men det kan vere vanskeleg å gjennomføre dei. Kva er det beste tipset i gruppa til korleis du kan motivere deg sjølv og andre? Del tipsa i klassen.

Del 4: Lag ein plan!

  1. Lag eit forslag til arbeidsplan for deg sjølv. Ta med skule og fritidsaktivitetar og set opp ei omtrentleg oversikt over måltid, når du skal jobbe med lekser, trene, kvile, vere saman vener og sove. Hugs at planen må vere realistisk og mogleg å gjennomføre.

  2. Du kan velje om du vil lage ein dagsplan, vekeplan eller månadsplan. Legg gjerne planen inn i kalenderen på mobiltelefonen din, eller skriv han inn i notatblokka di.

  3. Skriv til slutt eit kort refleksjonsnotat der du diskuterer korleis du kan motivere deg sjølv og følgje opp planen i kvardagen.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2021

Læringsressursar

Læringsstrategiar