Test deg sjølv
Kva kan du om læring og læringsstrategiar no? Test deg sjølv.
Forklar fordelane med desse ulike læringsstrategiane til ein medelev:
- tankekart
- Venn-diagram
- omgrepskart
- refleksjonslogg
Ein venn av deg skal ha ein stor prøve i naturfag. Læraren har lagt ut lenkjer til fleire ressursar, og ho skal i tillegg halde ei repetisjonsførelesing før prøven. Kva for råd vil du gi til vennen din? Skriv ned minst tre konkrete råd om korleis han best kan lære frå desse teksttypane:
- videoar
- førelesing
- nettartikkel
- podcast
Svar på spørsmåla:
- Kva for læringsstrategiar kjende du til frå før?
- Var det noko i læringsstien "Lær deg å lære" som var nytt for deg?
- Kjem du til å endre måten du lærer deg noko nytt på? Grunngi svaret ditt.