Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kjenner du ordklassane?

Oppgåve 1

Alle orda i ei setning høyrer til ein ordklasse. Klarer du å plassere orda i riktig ordklasse? Det startar ganske enkelt, men blir vanskelegare etter kvart.

Oppgåve 2: Bli ein ordklasse!

Til denne oppgåva treng de ein del ark og ein blyant/penn.

Del klassen opp i to–tre store grupper med ti personar i kvar gruppe. De er ti personar fordi det er ti ulike ordklassar på norsk. Skriv ein ordklasse på kvart ark. Hugsar du dei?

Dei ti ordklassane

Substantiv, verb, adjektiv, adverb, pronomen, bestemmarord, konjunksjon, subjunksjon, interjeksjon, preposisjon.

Førebuingar

Denne oppgåva krev at de kjenner til døme på ord frå alle dei ti ordklassane. Denne førebuinga kan de gjere på to ulike måtar:

  1. Kvar elev i gruppa set seg inn i alle ti ordklassane og hugsar døme.
  2. Kvar elev set seg inn i ein eller to ordklassar.

Vi set i gang

No har de ti ark med namnet på ein ordklasse på kvar av dei. Kvar elev i gruppa skal få kvart sitt ark. Dersom de har brukt førebuingsmetode 2 over, må den eleven som er ekspert på verb, få verb-lappen, den som er ekspert på substantiv, få substantiv-lappen osb.

  1. No skal kvar elev skrive eit ord frå ordklassen på baksida av kvart ark. Skriv med store bokstavar! Still dykk så framfor resten av klassen i tilfeldig rekkjefølgje. Vis fram ordet de har skrive og sei "kva er eg?". Klassen skal prøve å svare på kva slags ordklasse du er.
  2. Etterpå er det oppgåva til klassen å prøve å sortere dei ti i gruppa i ei rekkjefølgje som kan skape ei logisk setning. Dei kan t.d. seie: "Verb, flytt deg til nummer to i setninga, og substantiv, flytt deg til nummer tre". Målet er å skape ei meningsfull setning.
  3. Går det ikkje? Då må klassen finne ut av kva ordklasse eller ordklassar som må til for å lage ei setning som fungerer. Ein elev skriv ordklassen på eit ark og eit døme på ordklassen på baksida heilt til de har klart å lage ei god setning.

La alle gruppene prøve seg.

Oppsummering

Diskuter i klassen: Kva fann de ut om setningsoppbygging og ordklassar undervegs? Relevante spørsmål kan vere:

  • Kva ordklassar må til for at ei setning skal bli meiningsfull?
  • Kva ordklassar treng vi etter ein subjunksjon/konjunksjon for at setninga skal fungere?
  • Kan de seie noko om reglar for kva rekkjefølgje orda skal ha på norsk etter å ha utført oppgåva?
  • Måtte de leggje til eller endre endingane på nokon av ordklassane for å få til setninga?
  • Kan de forklare kvifor de måtte gjere dette ved å bruke fagomgrep frå grammatikken? Døme kan vere "fleirtal, eintal, hunkjønn, hankjønn osb."

Oppgåve 3 – Kven held lengst?

Til denne oppgåva treng de ark og penn/blyant. De skal sitje i grupper på fire–seks personar.

Førebuingar

Før de set i gang, skal de lage fasit på eitt ark. Her må de lage ei oversikt over alle dei ti ordklassane, med mange døme.

Utnemn ein i gruppa til sekretær og dommar. Han/ho noterer ned namnet på dei ti ordklassane med døme. Viss de er usikre, må de bruke internett for å sjekke dykk sjølv.

Då kan de starte:

Sekretæren er no blitt til dommar, og han/ho skal sitje med fasiten framfor seg. Dommaren seier namnet til ein i gruppa + ein ordklasse. Til dømes: "Nina, verb!". Nina har då fem sekund til å komme på eit verb.

Slik skal de halde heilt fram til ein ikkje kan svare. Denne er då ute. Dommaren må passe på at alle på gruppa blir utfordra omtrent like mange gonger. Hald på heilt til ein sit igjen som vinnar.

Auke vanskegrada?

For å gjere oppgåva vanskelegare kan de leggje inn fleire grammatiske omgrep. Desse kan til dømes vere:

  • eit substantiv i bestemt form, eintal
  • eit verb i presens perfektum
  • eit adjektiv i superlativ
  • eit bestemmarord som er eit peikeord
  • eit gjensidig pronomen
  • osb.

Oppsummering

Klarer de å konkludere med kva ordklassar de synest er vanskelegast å hugse? Prøv å lage nokre reglar for desse ordklassane saman i gruppa, slik at dei er lettare å hugse.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 02.09.2019

Læringsressursar

Ordklassar