Hopp til innhald

Fagstoff

Bestemmarord

Det er mi bok! Nei, det er hans, eller var denne boka kanskje di? Bestemmarord finn du stort sett alltid saman med eit substantiv.
Bestemmarord. To figurar som dreg noko. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hva er bestemmarord?

Bestemmarord blir òg kalla determinativ. Dei er ord som høyrer saman med eit substantiv og som bestemmer dette substantivet nærmare.

Det finst fire typar determinativ eller bestemmarord: eigedomsord, peikeord, mengdeord og orda sjølv og eigen.

Eigedomsord

Eigedomsord fortel kven som eig ein ting: min, din, hans, hennar, vår, deira, deira, sin. Eit anna namn for eigedomsord er possessiv.

Eigedomsordet kan stå framfor eller etter substantivet. Vi bøyer det i kjønn og tal etter substantivet det står til: far min, boka mi, eplet mitt, bøkene mine.

Eigedomsordet sin viser vanlegvis tilbake til subjektet i same setning. Vi seier at sin har refleksiv funksjon.

Samanlikn setningane nedanfor:

  • Anna kom køyrande i den nye bilen sin.
  • Anna kom køyrande i den nye bilen hennar.

"Anna" er subjekt i begge setningane. I den første setninga er det Anna sjølv som eig bilen ho køyrer, medan det i den andre setninga er ei anna kvinne som er eig bilen.

Peikeord

Peikeord eller demonstrativ bruker vi for å peike ut noko(n). Til peikeorda høyrer denne, den, slik, sånn og same:

  • Denne filmen må du berre sjå!
  • Ei slik bok ønskjer eg meg.
  • Den enklaste løysinga er ofte den beste.

Mengdeord

Til mengdeorda reknar vi alle ord som viser ei mengde. Talet kan vere heilt nøyaktig og bestemt, eller det kan vere meir omtrentleg: tre billettar, alle barna, lite pengar, ein blyantspissar, nokre tankar.

  • Grunntala
    Grunntala oppgir eit heilt nøyaktig tal: éin/éi/eitt, to, tre, fire og så vidare.
  • Ubestemt artikkel
    Den ubestemde artikkelen ein/ei/eit er også eit mengdeord.
  • Andre mengdeord
    Andre mengdeord oppgir eit meir omtrentleg tal: alle, få, nokon, nokre, mange, ingen med fleire.

Orda sjølv og eigen

Desse to orda blir rekna som ein eigen type bestemmarord. Dei har som oppgåve å forsterke subjektet:

  • Ho gjorde like godt heile jobben sjølv.
  • Han hadde eige hus.
CC BY-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2019

Læringsressursar

Ordklassar