Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om substantiv?

Oppgåve 1

Oppgåve 2

ABC-substantivspelet

Utfordre kvarandre til eit substantivspel. Sit saman i grupper på seks.

  • Lag eit ark der alle bokstavane i alfabetet står til venstre og orda “fellesnamn”, “eigennamn”, “menneske”, “dyr”, “gjenstandar” og “abstrakte substantiv” står til høgre.
  • Ein i gruppa har arket framfor seg. Han/ho skal ha lukka auge. Venstre peikefinger skal falle ned på ein bokstav i alfabetet, høgre peikefinger på eitt av orda til høgre. Deretter opnar han/ho auga og seier til dømes “Eg vil ha eit fellesnamn på P!”.

Førstemann på gruppa til å svare riktig får poeng. Hald på til førstemann når 10 poeng.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2019

Læringsressursar

Ordklassar