Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om verb?

Oppgåve 1

Teikn eit verb

Sit saman i ei gruppe på åtte. Alle må ha eit ark som er bretta i åtte og ein blyant/penn.

  1. Skriv ned eit verb på den første delen. Send arket til sidemannen.
  2. Han/ho skal prøve å teikne verbet på sin del av arket. No brettar han/ho vekk ditt ord og sender berre teikninga vidare til tredjemann.
  3. Tredjemann skal skrive ned verbet han/ho trur er teikna. Send vidare.
  4. Så skal fjerdemann teikne ordet. Slik går det vidare til alle har fått igjen arket sitt.

Fekk de igjen verbet de starta med?

Oppgåve 2

Relatert innhald

Verb er ord som uttrykkjer ei handling, ein prosess eller ein tilstand.



CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 27.08.2019

Læringsressursar

Ordklassar