Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein ordklasse?

Alle ord du bruker, høyrer til ein ordklasse. Ordklassen seier både noko om kva slags betyding orda har og kva funksjon orda har i setninga.

Kva er eit ord?

Kva er eigentleg eit ord? Det er ikkje så lett å forklare. Éin mogleg definisjon er at eit ord er ein språkbit som kan ha eit sjølvstendig trykk, som til dømes du, kjøpe, fortelje, dinosaur. Desse orda klassifiserer vi i ulike grupper. Orda som har noko felles, plasserer vi i same gruppa.

Sjå til dømes på desse orda:

Bord, liten, hage, snill, rask, troll

Det er seks ulike ord, men du kan gruppere dei i to ulike familiar. Klarer du å gjere det, og samstundes reflektere over korleis du tenkte då du gjorde det?

Riktig løysing:

Bord, hage og troll høyrer saman. Dei høyrer til gruppa substantiv.

Liten, snill og rask høyrer saman. Dei er adjektiv.

Kvifor seier vi at desse orda er i familie? Jo, "bord", "hage" og "troll" er til dømes alle ord vi kan setje ein, ei eller eit framfor. Dessutan er dei namn på ting eller fenomen.

"Liten", "snill" og "rask" kan vi derimot ikkje setje ein, ei eller eit framfor. Men dei har det felles at dei beskriv ein eigenskap ved eit substantiv: "Det var sanneleg ein snill mann."

Nokre ordklassar kan bøyast

Nokre av ordklassane i det norske språket kan bøyast, til dømes substantiv, adjektiv og verb. Bøying vil seie at orda har ei grunnform som får hekta på ulike endingar (suffiks på fagspråket). Vi ser på nokre døme:

Substantiva i norsk får ulike endingar som viser kjønn, tal og bestemd eller ubestemd form:

ein bil – bilen – bilar – bilane

ei lue – lua – luer – luene

eit vindauge – vindauget – vindauge – vindauga


Verba har endingar som viser om vi snakkar om notid eller fortid: køyrer – køyrde

Adjektiva får endingar i samsvar med substantivet dei beskriv. Vi bruker òg endingar for å vise ulik styrkegrad:

ei fin jente – eit fint hus

fin – finare – finast

Kva ord til kva ordklasse?

Under vil du få ein minipresentasjon om dei ulike ordklassane. Sjå gjennom denne saman med ein medelev.

Når de har sett gjennom presentasjonen:

  • Lag eit tankekart over dei ti ulike ordklassane.
  • Lag òg ein illustrasjon til kvar ordklasse for å hugse betre. Det er til dømes lettare å hugse kva preposisjonar er viss du teiknar ein mann under eit bord enn viss du berre skriv "under".


CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2019

Læringsressursar

Ordklassar