Hopp til innhald

Fagstoff

Preposisjonar, konjunksjonar, subjunksjonar og interjeksjonar

Språket vårt består av mange småord som bind orda i ei setning saman eller seier noko om når eller kvar noko er.
Ein katt står på eit bord, ein hund ligg under, og ei potteplante står ved sida av. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er preposisjonar?

Preposisjonar står framom eit substantiv eller pronomen, og du kan ikkje bøye det. Vi bruker preposisjonar for å beskrive kvar noko eller nokon held til i stad eller tid:

  • i huset
  • under bordet
  • bak gardinene
  • etter påske
  • i jula
  • over nyttår

Konjunksjonar

Konjunksjonar er ord som bind saman sidestilte enkeltord, setningsledd eller heile setningar. Dei blir difor også kalla bindeord. Konjunksjonane heiter og, men, for, eller, så.

  • Dei budde i eit stort og flott hus.
  • Vil du helst ha den raude buksa eller den grøne jakka?
  • Dei trente på trikset heile veka, men berre ein av dei klarte det til slutt.
  • Lise forsov seg, ho rakk ikkje flyet.

Subjunksjonar

Subjunksjonar eller underordningsord innleier leddsetningar. Døme på subjunksjonar er fordi, at, om, som, då, når, dersom, viss, før, endå.

  • Kim var ferdig med talen sin, braut applausen laus.
  • Eg veit ikkje om han vil kome.
  • Barna gledde seg fordi dei skulle kose seg med barne-tv og varm kakao.
  • Kvar er boka som eg har tinga?
  • Er det sant at han skal til Spania?

Også infinitivsmerket å blir rekna som ein subjunksjon:

  • Han hatar å tape (han hatar at han tapar).

Interjeksjonar

Til interjeksjonane reknar vi

  • utropsord (au, huff, søren, fy, æsj, heia)
  • svarord (ja, nei)
  • lydhermande ord (pang, krasj)
  • helsingar (hallo, hei)
CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2019

Læringsressursar

Ordklassar