Hopp til innhald

Fagstoff

Pronomen

Pronomen er greie å ha for å skape eit godt språk. Hadde vi ikkje hatt dei, hadde vi gjenteke det same substantivet om og om igjen.
To personar som peikar på seg sjølv og på den andre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eit pronomen?

Pronomen er ord som kan erstatte eit substantiv i ei setning. Vi kan til dømes erstatte substantivet jenta med pronomenet ho:

  • Jenta gjekk sin veg.
  • Ho gjekk sin veg.

Personleg pronomen

Det personlege pronomenet har både subjektform (eg) og objektform (meg).

Personlege pronomen

Eintal

Subjektform

Objektform

1. person

eg

meg

2. person

du

deg

3. person

han

ho [ho]

det

han

henne/ho

det

Fleirtal

Subjektform

Objektform

1. person

vi/me

oss

2. person

de/dokker

dykk/dokker

3. person

dei

dei

Høfleg tiltaleform

Såkalla høfleg tiltaleform er på veg ut av språkbruken vår, og dei fleste oppfattar ho i dag som stiv og gammaldags. Det er du-forma som har overteke i nesten alle samanhengar. Høfleg tiltaleform er likevel vanleg i eldre litteratur, og i nokre høgtidelege samanhengar blir ho brukt òg i dag.

Høfleg tiltaleform

Eintal og fleirtal

Subjektform

Objektform

2. person

De

Dykkar

Ubestemt pronomen

Ubestemt pronomen bruker vi når vi ikkje har nokon bestemt(e) person(ar) i tankane, men vil uttrykkje oss generelt. Det er berre bokmål som har eit eige ubestemt pronomen, man. På nynorsk bruker vi i staden mengdeordet/determinativet ein:

  • Det ein ikkje veit, har ein ikkje vondt av.

Spørjepronomen

Spørjepronomen innleier spørsmål. Spørjepronomenet kven bruker vi for å spørje etter personar, elles bruker vi spørjepronomenet kva:

  • Kven skal vaske opp?
  • Kva tenkjer du på?
  • Kva for ein fyr var dette?

Gjensidig pronomen

Det gjensidige pronomenet blir òg kalla resiprokt pronomen. Det heiter kvarandre og kan ikkje bøyast. Pronomenet viser at ei handling, kjensle og så vidare er gjensidig:

  • Dei elska kvarandre.

Refleksivt pronomen

Det refleksive pronomenet heiter seg. Det viser tilbake til subjektet i setninga. Samanlikn desse setningane:

  • Han førebur seg på det verste.
  • Han hadde førebudd han på det verste.

Han er subjekt i begge setningane. Den første setninga betyr at han førebur seg sjølv, den siste setninga betyr at han førebur ein annan person på noko ubehageleg.

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2019

Læringsressursar

Ordklassar