Hopp til innhald

Fagstoff

Substantiv

Substantiv kan du ta på eller merke. Du kan ta på eit slott, ein vase og ei maske, medan ein fest, ei kjærleikserklæring og eit fellesskap er noko du kan merke.
Ei hand som set eit eple oppå ein leikebil og ei bok, ved sida av ein bamse. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eit substantiv?

Substantiv blir òg kalla namnord. Dei er namn på personar, stader, dyr, gjenstandar, kjensler og idear. Ein grei hugseregel er at du kan setje ein, ei eller eit framfor substantiv.

Eigennamn og fellesnamn

Substantiv er anten eigennamn eller fellesnamn. Eigennamn er namn på bestemde personar, dyr, gjenstandar og andre konkrete fenomen. Dei blir skrivne med stor forbokstav: Hanne, Petter, Dagros, Verdal, Alpane, Noreg.

Fellesnamn er substantiv som kallar ei gruppe menneske, dyr eller gjenstandar med felles eigenskapar. Fellesnamn skriv vi med liten forbokstav: elev, høne, fjell, plante, stol, kvise, lommereknar.

Konkrete og abstrakte substantiv

Namn på menneske, dyr, stader, gjenstandar osb. kallar vi konkrete substantiv fordi dei namngir noko vi kan oppfatte direkte gjennom sansane våre: vinden, lapskaus, fjella, statsministeren, Petter.

Abstrakte substantiv blir òg kalla omgrep. Dei namngir noko vi ikkje direkte kan sjå, høyre eller ta på: kjærleik, vern, nasjonalitet, ære.

Vi må slutte oss til kva kjærleik, vern osb. er gjennom konkrete opplevingar og handlingar. Ein konsekvens av dette er at språkbrukarane faktisk kan ha ulike oppfatningar av kva omgrepa betyr.

Kjønn

Substantiva i det norske språket kan vere

  • hankjønnsord: (ein) bil
  • hokjønnsord: (ei) hytte
  • inkjekjønnsord: (eit) bord

Eintal og fleirtal

Substantiv har talbøying. Dei kan stå i:

  • eintal: jente, jenta
  • fleirtal: jenter, jentene

Bestemt og ubestemt form

Substantiv kan ha

  • ubestemt form: sykkel, syklar
  • bestemt form: sykkelen, syklane

Ubestemt form bruker vi mellom anna når vi ikkje har nokon bestemt person eller gjenstand i tankane:

  • Vi treng ein vikar.
  • Gå og hent ein stol.

Bestemt form bruker vi når vi omtaler ein bestemd person, ting osb.:

  • Guten der borte er fetteren min.
  • Kan eg få låne bilen?

Vi kan òg bruke bestemd form når vi snakkar generelt om ein art eller ei gruppe, eller når det er heilt opplagt kva det er vi siktar til:

  • Menneska må slutte å øydeleggje kloden.
  • Hesten blei mykje brukt som trekkdyr i gamle dagar.
  • Er det mogleg å sjå månen i natt?
CC BY-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Ordklassar