Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om norske småord?

Ordklassane preposisjonar, subjunksjonar, interjeksjonar og konjunksjonar rommar mange av dei norske småorda.

Oppgåve 1

Oppgåve 2 – Preposisjonsalias

Preposisjonar er ord som seier noko om kvar noko/nokon er i stad eller tid:

  • Dei er bak huset. (stad)
  • Etter sommarferien måtte han på jobb. (tid)
Fleire preposisjonar

i, av, på under, over, bak, innanfor, inni, framfor, framover, gjennom, utanfor, hos, langs, mellom, mot, om, ved sida av, etterpå, utanom, via, til...

  1. Sit i grupper på fire–seks personar. Klipp opp eit ark slik at de har 20 lappar. Skriv ein preposisjon på kvar lapp. Sjå i boksen over viss de ikkje kjem på nok preposisjonar.
  2. Legg lappane med den blanke sida opp. Ein av spelarane trekkjer ein lapp og skal forklare kva ord som står på arket, utan å seie ordet. Skal du forklare preposisjonen "bak", har du til dømes ikkje lov til å seie "når noko er bak noko..."
  3. Dei andre spelarane har berre lov til å tippe kva ord som står på arket éin gong. Førstemann som seier riktig ord, får lappen.
  4. Vinnaren er den som sit igjen med flest lappar til slutt.

Oppgåve 3 – subjunksjonar og konjunksjonar

Det er nok desse to ordklassane mange har vanskeleg for å hugse på og skilje frå kvarandre. Ei god øving for å hugse stoff er å forklare det med eigne ord:

  1. Gå saman to og to.
  2. Den eine skal spesialisere seg på subjunksjonar, den andre på konjunksjonar. Bruk internett som hjelp.
  3. Førestill dykk at de skal forklare kva høvesvis "subjunksjon" og "konjunksjon" er til ein som aldri har høyrd om ordklassar. Lag ei forklaring som er så enkel at sjølv denne personen vil forstå han. Hugs døme!
  4. Forklar for kvarandre.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 30.08.2019

Læringsressursar

Ordklassar