Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om adjektiv og adverb?

Oppgåve 1

Oppgåve 2 – på søken etter adjektiv og adverb

Lag ein tabell der det står "adjektiv" som overskrift i kolonnen til venstre og "adverb" i kolonnen til høgre. Bla opp på ei tilfeldig side i ein roman eller ei lærebok. Skriv ned alle adjektiva og adverba du finn på sida.

Kva blir det brukt mest av? Adjektiv eller adverb?

Oppgåve 3 – adverbhistorie

Det er gode sjansar for at du har vore med på adjektivhistorier i bursdagar eller på skulen. Men kva med adverbhistorier?

Lag kvar dykkar historie der adverba manglar. Gå saman i grupper på fire og få adverb frå dei andre i gruppa til historiene deira. Les høgt for kvarandre.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2019

Læringsressursar

Ordklassar